Prøvene syner at alt er i orden med drikkevatnet, så dermed er kokepåbodet oppheva - forbodet gjaldt altså Lærdalsøyri frå Øye bru og nedover.

Brot på hovudvassleidningen var årsaka til at vatnet forsvann på Lærdalsøyri natt til laurdag 2.mars. På ettermiddagen same dag, litt over klokka 17, hadde teknisk eining fått reparert skaden og husstandane som var råka fekk attende vatnet. Då vart det innført kokepåbod, men dette gjeld altså ikkje lenger.