Det er eit lovpålagd krav at kommunestyret minst ei gong i valperioden skal vedta ein kommunal planstrategi. Kommunal planstrategi er eit overordna planverktøy og føremålet er å klargjere kva for planoppgåver som bør prioriterast i perioden, for å legge til rette for ei ønska utvikling i kommunen. Planstrategien kan brukast til å gjere det kommunale planarbeidet meir målretta og tydelegare politisk styrt, og bør ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Lova gjev kommunen stort handlingsrom i arbeidet med å utarbeide og vedta den kommunale planstrategien. Nye mål og strategiar for kommunen blir ikkje vedtekne i kommunal planstrategi, men i planprosessar som er styrt og prioritert av denne.

Formannskapet har vedteke å leggja framlegg til Kommunal Planstrategi 2020 - 2023 ut på høyring. Les dokumenta her: 

Framlegg til Kommunal Planstrategi 2020 - 2023
​Planbehov - oversikt

Innspel om framlegg til planstrategi vert å senda til Lærdal kommune, postboks 83, 6886 Lærdal eller post@laerdal.kommune.no innan 08.03.2021.