Tema på samlinga var god agronomi, menneskeleg og formelle faktorar ved eigarskifte, gjennomgang av ulike tilskotsordningar. Dei frammøtte fekk og innsikt i kor viktig det er med rett kompetanse på dei ulike nivåa, med eit fengande innlegg frå Aud Slettehaug frå Kompetansenavet Vest.

Anja frå Årethun foredling fortalde om etablering av sin bedrift. Alle vart mektig imponert over dette prosjektet og ikkje minst, innsatsen som vert lagt ned for å ta vare på fråsorterte grønsaker, frukt og bær. Og innsatsen for å foredla råvarer som ikkje vert brukt. All honnør og lukka til vidare.

Innovasjon Norge og landbrukskontoret forvaltar mange støtteordningar. For å finna den beste løysinga for finansiering av prosjekt, oppmodar me til å ta tidleg kontakt. Det er og masse god rådgjeving å få, for dei som har ein ide eller plan på gang. Ikkje nøl med å ta kontakt!

Dei frammøtte fekk servert god lokal mat frå kjøkenet på Sogn jord-og hagebruksskulen.

Takk til alle foredragshaldarane og alle dei frammøtte. Håpar me sjåast på neste samling! 

Arrangør var Felles Landbrukskontor ÅLA