Lærdal kommune har til salgs to bustadtomter i det etablerte bustadfeltet Saltkjelen. Tomt 1 (lengst vest) er om lag 860 m2 og tomt 2 (lengst aust) er om lag 900 m2. Begge tomtene ligg med tilgrensande utmarksområde på minst ei side. Området er solrikt, og med mange gode turmoglegheiter i nærmiljøet.  Det er vedteke utviding av bustadfeltet mot elva med 20-23 nye tomter, som gjer til at det er planlagd nye attraktive møteplassar i bustadfeltet. E16 ligg i gåavstand med jamnlege bussavgangar vestover og austover. 

Det er ikkje lenger søknadsfrist for desse to tomtene, og tildeling skjer kontinuerleg etter søknadar kjem inn.  Ta gjerne kontakt med kommunen om det er spørsmål kring tomtene, reguleringsplan, søknadsprosess osv.

Arealplanleggjar Monika Lysne, tlf. 905 16 686, epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no

Trykk på lenkane under for meir informasjon:

Reguleringsplan for Saltkjelen bustadfelt (plankart)

Reguleringsplan for Saltkjelen bustadfelt (føresegner)

Reguleringsplan for utviding av Saltkjelen bustadfelt (er ikkje gjeldande for dei to tomtene, men til informasjon)

Retningslinjer for tildeling av kommunale tomter

Søknadsskjema tomtetildeling


Tomtepris for tomt i Saltkjelen (eksisterande bustadfelt):

Råtomtprisen (indeksregulert): 187 kr per m2
Anleggsbidrag: 105 kr per m2

Priseksempel for tomt på 900 m2
Råtomtpris: 900m2 x 187 kr per m2 = 168 300 kr
Anleggsbidrag: 900m2 x 105 kr per m2 =94 500 kr
Kjøpesum: 262 800 kr for tomt på 900 m2.

I tillegg til ovannemnde, må kjøpar betale tilknytingsavgift (ca 12.000 +mva kr for VA) og dokumentavgift/tinglysing.