Me møtes kl.18.00 på gulrotpakkeriet på Rå (Råsvegen 57) der Ivar Raa vil vise oss rundt. Etterpå forflytta me oss ned til Haabakken Kafe (Håbakken 1) og fortsette næringskvelden der.

Programmet for samlinga på Håbakken Kro startar kring kl.19.00: 

  •  Borgund Vedovnsbakeri og Årethun Foredling kjem med smaksprøvar og fortel om verksemdene sine
  •  Audun Mo er leiar for styringsgruppa for arbeidet med næringsplanen, og vil sei litt om arbeidet med næringsplan og samfunnsplanen.   
  •  Me har fått ny klimakoordinator som kjem og vil presentere seg
  •  Håbakken Næringspark v/Jan Turlid kjem å fortel litt om deira planar i Håbakken og Lærdal
  •  Oppsummering og avslutning ved ordføraren

Sidan me har to flotte verksemder som vil kome å gje dykk smakeprøvar lyt me ha ei påmelding innan 23.10.2023 til epost til ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no

Velkommen!