I samarbeid mellom Lærdal kommune og frivillige lag og organisasjonar vert det arrangert ein kollektiv ryddedugnad i Lærdal kommune, mandag 22. april mellom klokka 18:00 og 21:00. Dette etter mal frå kva som vart gjennomført dei siste åra.

Ryddedugnaden blir delt i tre soner: Lærdalsøyri, Ljøsne og på Borgund.

Her møter du opp for å bidra:

  • Lærdalsøyri: Klubbhuset til Lærdal idrettslag/skyttarhuset
  • Tønjum: Tinghall ungdomshus
  • Ljøsne: Ljosheim ungdomshus - rydding blir onsdag 24. i samband med tidlegare planlagd dugnad.
  • Borgund: Borgund samfunnshus – følg med mtp tidspunkt. Blir truleg utsett.Kjem eigen informasjon på FB på Borgund. 

Det blir plassert container på Øyri ved klubbhuset til Lærdal IL / skyttarhuset, og det er oppsamlingplassar andre stadar i kommunen.

Ved oppmøte får ein utdelt avfallsposar og hanskar før ein reiser ut i sin tildelte rode.  

Hugs! Ta med deg refleksvest.