- Undersøkjinga er for nære pårørande, men også pårørande i form av til dømes vener eller naboar, fortel Tine Selmer Cruickshank, koordinator for pleie og omsorg.

Pårørandeundersøkjinga kan ein finna ved å klikka her, eller ein kan scanna QR-koden som ligg her i artikkelen med mobilen.

Det blir også sendt ut informasjon til pårørande, og hengt opp plakatar på Kiwi og Coop.

Pårørandeundersøkjinga er årleg og utvikla av Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester på stipend frå Helsedirektoratet. 

- Det er første gong Lærdal er med, og no skal me ha denne undersøkjinga kvart år framover. Den ligg ute så ein kan svara mellom 1. desember og 31. mars, forklarar Selmer Cruickshank.

For å utvikla arbeidet

Undersøkjinga er anonym og tek 10-20 minttar å svara på. Først svarar ein på kva type pårørande ein er, så blir ein ruta ulike vegar i undersøkjinga utifrå det. Alle spørsmåla er avkryssing, altså ikkje spørsmål som opnar for tekstlege svar. 

- Lærdal kommune har no vorte med på denne undersøkjinga for å kunne utvikla kommunen sitt pårørandearbeid – få kartlagt kva me kan bli betre på og kva me vonleg er litt gode på. Så vil me kunne samanlikna med oss sjølve over tid – når me har hatt undersøkjinga fleire gonger – og samanlikna oss med andre, liknande kommunar.

Følgjande tema ligg inne i undersøkjinga:

  • Korleis pårørande opplever å bli møtt av tilsette i teneste.
  • Om informasjon blir gitt på ein forståeleg måte.
  • Om bekymringar som pårørande tek opp blir tekne på alvor av tilsette. 

Har du spørsmål om undersøkjinga, ta kontakt med koordinator for pleie og omsorg, Tine Selmer Cruickshank (biletet), tlf.: 474 86 513