19. og 26.oktober heldt Hukommelsesteamet i Lærdal kurs for innbyggjarar som ynskjer å bli aktivitetsvenn. Kursleiarar var fagkoordinator Tine Selmer Cruickshank, ergoterapeut Synnøve Askeland Kvamme og demenskoordinator Hilde Hokstad. 

Ein aktivitetsvenn er eit helsefremjande og førebyggjande aktivitetstilbod for personar med demens. Den som blir aktivitetsvenn har gjennomgått eit kursprogram som er utarbeidd av Nasjonalforeningen for folkehelsa, og som vert kopla mot ein person med demens på bakgrunn av felles interesser. 

- Saman finn dei fram til korleis dei ynskjer at samveret skal vera, aktivitetar dei vil gjera og kor ofte og korleis dei skal møtast. Dette kan vera å gå ein tur, ta ein kaffi, baka, vera ein matvenn, hogga ved, prata i lag, måla, syngja, spela musikk eller dansa; det er mange aktivitetar ein kan kan finne på i lag. Å vera aktivitetsvenn skal vera enkelt – du  kan gjere noko du likar  i lag med ein som har demens, fortel Hokstad.

Ni deltok 

Kurset hadde ei kort innføring i korleis rolla som frivillig blir vektlagt og at dei ikkje skal påleggjast oppgåver som skal utførast av pleie- og omsorgstenesta. Det er viktig at ein er tydeleg og klar på si rolle som frivillig og set grenser for kva ein ynskjer å utføra, forklarar Hokstad. 

Kursdeltakarane fekk ei kort innføring i ulike former for demens, og kva utfordringer dette kan føra med seg i høve den som er råka av sjukdommen. Så var det ein bolk med kommunikasjon og samhandling slik at møtet og kommunikasjonen med brukaren blir best mogleg. Vidare fyller alle som blir aktivitetsvenner ut skjema der dei skriv litt om seg sjølve og sine interesser og preferanser. Dei signerer også eit tausheitsløfte for å sikra brukarar og deira pårørande. 

- Me hadde sju som møtte fysisk på kursa, og me har i tillegg to som har teke kurset digitalt, så dette er kjempebra. No er me i gang med prosessen å kopla saman aktivitetsvenner og personar som ynskjer seg ein aktivitetsvenn, og me har trua på at dette blir til glede for begge partar, forklarar Hokstad vidare

Hukommelsesteamet vil gjerne ha fleire aktivitetsvenner, så dei som måtte vera interesserte er hjarteleg velkomne til å ta kontakt på: