Arrangementet byrjar å bli ein årleg tradisjon med stappfullt kulturhus, flotte kulturelle innslag frå ulike verdshjørne og eit svært internasjonalt buffetbord. 

Internasjonal bygdekveld fungerer slik at det først er ein seanse med musikk og dans inne i kultursalen. Dette er ein miks av norske innslag og internasjonale innslag som innbyggjarar frå ulike land står for. 

Til internasjonal bygdekveld no 13. februar har me ein del kulturelle innslag på plass, men om nokon ønskjer å syngja eller dansa så ta kontakt med kulturskulen, som koordinerer denne delen. Då er Tom Karlsrud kontaktperson - epost: tom.karlsrud@laerdal.kommune.no, telefon: 913 57 455.

Etter dei kulturelle innslaga er det matservering ute i vrimleområdet - her er det då rettar frå ulike land som folk kan gå rundt og forsyna seg av. Maten blir laga av innbyggjarar som ønskjer å bidra med mat frå sine heimland, og Lærdal kommune dekkjer innkjøp av ingrediensar opp til ein viss sum. Dette blir organisert slik at dei som kjem frå same land avtalar seg imellom kva mat dei lagar og korleis dei gjer det. 

Me har ein del matbidrag frå ulike nasjonalitetar allereie, men dei som har lyst til å laga mat kan ta kontakt med Ole Ramshus Sælthun - epost: ole.saelthun@laerdal.kommune.no , telefon: 977 36 994.

Internasjonal bygdekveld blir altså tysdag 13. februar frå klokka 18 til om lag klokka 20 i kultursalen! Lærdal kommune ved kultur og flyktningtenesta er arrangørar.