22. januar startar ho i Lærdal kommune som kreftkoordinator.

- Det er eit lågterskeltilbod. Den som har fått kreft eller pårørande tek kontakt når ein ønskjer. Det er ikkje henvisning, fortel Mannes.

Ho er kreftkoordinator i Aurland og har vore kreftkoordinator i Lærdal i tre år tidlegare. No får ho same stilling i begge kommunar, og i Lærdal utgjer den 60 prosent. Halvparten av stillinga som utøvande, det vil seia kontakt med og oppfølging av kreftråka og pårørande. Den andre halvparten er fagutvikling, det vil seia å jobba med systemet «rundt».

- Det handlar om å laga gode planar og prosedyrar, undervising og koordinering. Eg kjem til å ha mykje samarbeid med pleie og omsorg, og det gler eg meg veldig til. Det er også mykje erfaringar frå Aurland eg kan flytta over her.

Mange aspekt

Den delen av stillinga, som går på å vera ein ressursperson for kreftråka og pårørande; inneber mange aspekt.

- Ofte treng pårørande gjerne like mykje å ha samtalar som den som er vorten sjuk. Det handlar elles om slikt som rettleiing og oppfølging kring diagnose og behandling, informasjon om kva rettigheitar ein har og hjelpa til med å finne moglegheiter og tilbod som kan vera aktuelle i kommunen. Tverrfaglig samarbeid og koordinering mot fastlege, ergoterapeut, fysioterapeut, heimetenesta, sjukeheim og spesialisthelsetenesta er ein viktig del. Og viss livet går mot slutten kan eg vera ein ressurs der også, som eit bindeledd.

Mannes strekar under at kreftråka og/eller pårørande må ta kontakt sjølve, ein kreftkoordinator kan ikkje driva oppsøkjande verksemd utifrå at ein høyrer om personar som har fått kreft.

- Samtalane kan gjerne dreia seg om å hjelpa dei og sortera tankar, forklara kva som skal skje og kva som har skjedd når det verkar uklart. Dei kan koma på kontoret eller eg kan koma heim til dei. Kontakt og samarbeid med barnehage og skule er viktig for å ivareta både når det gjeld born med kreft og born og unge som pårørande.

- Det må vera ein utfordrande jobb?

- Det er jo det. Men eg tykkjer samstundes det er veldig givande.

Fleksibilitet

Mannes er opphavleg frå Karmøy, men har budd i Aurland i vel 40 år, er gift, har tre døtre og tre barnebarn. Ho er utdanna sjukepleiar og har vidareutdanning i kreftsjukepleie.

Som kreftkoordinator i Lærdal vil ho ha kontor på Lærdal helsesenter og vera der måndagar, tysdagar og onsdagar, så er ho i Aurland torsdagar og fredagar.

- Men her er det fleksibilitet – er det noko som må skje i Lærdal ein torsdag, så let det seg gjera. Eg har også same telefonnummer i Aurland og Lærdal.

Linda Mannes er altså på plass som kreftkoordinator i Lærdal frå 22. januar og har telefonnummer: 97699266