• Næringskveld i Lærdal. Som eit ledd i utarbeiding av ein næringsplan for Lærdal kommune vil me invitere til ein næringskveld der me startar på Rå. Me får omvisning på gulrotpakkeriet og etterpå vert det samling med fleire interessante tema og presentasjon av verksemder i Lærdal. Eitt av tema for kvelden er å peike ut ei referansegruppe for det vidare arbeidet med næringsplanen. 

Hald av onsdag 25. oktober kl. 18.00. Endeleg program vert publisert når dette er klart.

  • Studietur til Svalbard 23.-26. oktober – framleis plassar ledig!

Sognefjord Næringshage arrangerar studietur til Svalbard der du får møte folk frå sysselmeisteren, hamnekontoret, reiseliv og næringsutviklarar, i tillegg til dei store entreprenørane på Svalbard. Les meir om turen ved å klikka her.

På Næringskonferansen vil Årets bedrift få utdelt pris! Årets bedrifter er nominert av næringsnettverket i Sogn, og vert i desse dagar presentert i Sogn Avis. Når alle verksemdene er presentert vil det vere ei avstemming gjennom Sogn Avis. I tillegg vil det vere kåring av Årets beste bedrift på kommunikasjon (klarspråk og nynorsk). I begge kategoriar vil de finne verksemder frå Lærdal så følg med og stem!