• Godt oppmøte på næringskveld 25. oktober. Heile formannskapet og ei rekkje næringsaktørar tok turen til gulrotpakkeriet og vidare til Håbakken etterpå for presentasjonar og gode diskusjonar. Her fekk dei frammøtte høyre om verksemdene Borgund Vedovnsbakeri og Årethun Foredling som og stod for serveringa med sine eigne produkt. Det var formannskapet som vedtok at det skulle arrangerast ei samling for næringslivet i Lærdal for å kome fram til representantar til ei referansegruppe for arbeidet med næringsplanen i kommunen. Dei frammøtte vart oppmoda om å melde tilbake til ordføraren om kandidatar som kan vere aktuelle for referansegruppe. Dette står ein kvar fritt til å gjere, så me oppmodar dei som har forslag til gode kandidatar om å ta kontakt med ordførar.

 

  • Utvikling av konsept for ombruk i Lærdal kommune. Lærdal kommune har med god hjelp frå Sirkula på Hamar utvikla eit forslag til konsept for ombruk i Lærdal kommune. I rapporten er det utforma ulike eksempel og ulike nivå innan ombruk og gjenvinning som kan utviklast, med SIMAS som ein sentral samarbeidspartnar. Rapporten finn du ved å klikka her. Vegen vidare vil bli bestemt av politikarane som i si tid sette av midlar til arbeidet. 

 

  • Tilskot til miljøsertifisering av verksemder. Lærdal kommune ynskjer å bidra til at fleire verksemder og større arrangement tek steget og vert miljøsertifisert. Verksemder som ynskjer å bli sertifisert kan søkje om tilskot på 20 000 kr. I kommunedelplan for klima, energi og miljø er det eit mål om at minst 30 verksemder og arrangement i Lærdal skal miljøsertifiserast innan 2030. Kommunen ynskjer difor å stimulere til at fleire verksemder vert miljøsertifisert innafor annerkjende ordningar som Miljøfyrtårm, ISO-14001, Greenkey og EMAS. Tilskotet vert utbetalt når sertifiseringa er gjennomført. Søknaden kan senast til post@laerdal.kommune.no og merkast «Tilskot til miljøsertifisering».

 

  • Ny klimakoordinator. Torunn Riise Jackson er tilsett som ny klimakoordinator og tok til i jobben i midten av oktober. Ho har både Lærdal og Aurland som arbeidsområde, og me er veldig glad for å ha ho på plass. Lærdal kommune har ei rekkje måtsetningar knytt til klimaomstilling og grøn næringsutvikling i kommunedelplan for klima, energi og miljø som klimakoordinator og næringsrådgjevar vil samarbeide om å få realisert. 

 

  • Årets verksemd på kommunikasjon: Fredag & Fretland. Næringskonferansen gjekk av stabelen i Flåm 19.-20. oktober og der vart blant anna årets bedrift og årets bedrift på kommunikasjon kåra. Bulder og Brak Opplevingar AS i Årdal vann prisen for årets bedrift, medan Fredag & Fretland vann prisen for årets bedrift på kommunikasjon. Kriteriet for å bli nominert var at verksemda nytta nynorsk i kommunikasjonen og marknadsføring, og brukar nynorsk for å byggje oppunder verksemda sin identitet. Her er det juryen skreiv som grunngjeving for kåring av vinnaren: 

Vinnaren av årets pris for kommunikasjon går til ei verksemd som blandar dialekt og nynorsk på ein herleg måte. Dette er folk som har lang fartstid som grundarar og har sidan starten konsekvent nytta nynorsk i all kommunikasjon med omverda og er tydeleg oppteken og stolte av det. Då dei starta den siste verksemda i si portefølje låg det difor heilt naturleg for dei å fortsette med nynorsk - og dette er ei verksemd som e like kjend i dei store norske byene som i Sogn fordi dei har ein trufast fanskare som har følgd dei på deira reise i snart 20 år saman. På sosiale media kunne me følgja dei bak scenen heilt frå då ideen om å bygge om eit trevarelager til eit bakeri. Dei har brakt med seg eit stykke London og Paris til Sogn og gjer det med nynorsken stolt trykka til brøstet!