Det var ikkje måte på til sumar i Lærdal marknadshelgi - gradestokken viste tett innpå 30 grader fredag ettermiddag, så det vart god lunk når kultursalen også vart fylt heilt opp.

Kulturkvelden starta med ei rekkje imponerande innslag frå Kulturskulen, og synte at det verkeleg spirar og gror i form av musikk- og dansetalent i bygdi! Lærdal historielag ved leiar Magne Grøttebø fortalde om historia til Lærdalsmarknaden, og så følgde fleire flotte songar frå Lærdal songkor, nokre akkompagnert av Longhorn.

Kulturprisen

Så var det klart for det me må kunne kalla kveldens høgdepunkt – Kulturprisen. Den heng verkeleg høgt, for Kulturprisen blir berre delt ut kvart fjerde år. Og Lærdal er ein kommune med veldig mykje godt kulturarbeid, veldig mange flotte arrangement og veldig rikt organisasjonsliv.

Her er talen ordførar Audun Mo heldt då kulturprisvinnaren sakte men sikkert vart avslørt:

«At kulturprisen heng høgt fekk me også bekrefta i nominasjonsprosessen. Heile 26 enkeltpersonar eller lag eller organisasjonar føreslo kandidatar, og framlegga fordelte seg på fem ulike kulturpersonlegheiter. Alle dei fem hadde vore verdige vinnarar av Kulturprisen 2023.

Ja, det var faktisk så vanskeleg for formannskapet å gjera dette valet at me vurderte å dela prisen så to kunne få den. Men me kom fram til at det ville vera litt feigt, og etter ein lang diskusjon vart me samde.

Her er noko av det som står i nominasjonane av vedkomande som får prisen:

«Er spent på kor mange andre som kan stilla med slik ballast innan lokale kulturaktivitetar»

«Ho er alltid med og dreg lasset her også når det er arbeid som skal utførast»

Då har de skjønt at det er ei kvinne, og berre to kvinner har fått kulturprisen i Lærdal før. Så no sirklar me oss inn her. Dette står også i nominasjonane av denne kvinna:

«Alt har vore frivillig, ulønna innsats for å skapa trivsel og gode arrangement for folk i Lærdal og tilreisande - og gjennom dette òg skapa eit kundegrunnlag for lokalt næringsliv».

«30 år i marknadsnemndi, siste ca 10 åri som leiar. 25 år i Husflidslaget, 23 år i Bygdekvinnelaget og aktiv medarrangør i mange år på Stavarekkjatilstellingane, så lenge dei varde».

Så då sluttar me oss berre til dette, frå ein av nominasjonane:

«Som ein takk til Astrid for det store arbeidet ho har lagt ned, fortener ho verkeleg å verta heidra med kulturprisen».

Astrid Grøndal Trulssen – du er vinnar av kulturprisen 2023!»

Kultur- og idrettsstipend

Gratulasjonane kom på rekkje og rad - og det var fleire som skulle gratulerast. Lærdal kommune kan nemleg kvart år dela ut eit kultur- og idrettsstipend for unge talent og utøvarar mellom 15 og 25 år. Føremålet med stipendet er å hjelpa unge, aktive kultur- og idrettsutøvarar til å søkjea utvikling og framgang på sitt område. I tillegg vil stipendet stimulera til kunstproduksjonar, kunstutøving, idrettsprestasjonar eller utdanning innanfor kultur og idrett.

Utval for levekår vedtok i møtet 8. juni kven som skulle få årets kultur- og idrettsstipend for ungdom. I år var det nokre veldig sterke kandidatar, faktisk så sterke at det var vanskeleg å velja. Det var to veldig sterke kandidatar som det stod i mellom og desse var så jamne at utvalet har valde å dela stipendet på desse to.

Ungdommane får 5000 kr kvar som skal gå med til å dyrke det fagfeltet dei held på med.

Her er grunngjevingane for dei to vinnarane av stipendet:

Den fyrste mottakaren for årets kultur- og idrettsstipend er Eirik Thommassen.

Eirik er 17 år og driv med idretten skyting. Han har vore skote aktivt sidan 2016 og deltok på Landskyttarstemnet allereie i 2017. Her vann han lite sølvbeger som rekrutt på feltskyting.

I 2020 var han rykka opp til eldre rekrutt og vart samlagsmeister på felt i klassen sin. I både 2021 og i 2022 vart han samlagsmeister i klassen sin i ulike kategoriar. I tillegg vart han fylkesmeister på bane i 2021. Sidan den gong har det vanka enno fleire topplasseringar og pokalar og han har utmerka seg innan sitt felt. I år skal han satsa vidare på fleire store stemner, mellom anna landskyttarstemnet på Voss. Me gler oss til å følgja Eirik vidare med satsinga innan skyting og  håpar stipendet kjem godt med framover.

Den andre mottakaren for årets kultur- og idrettsstipend er Angy Avendano.

Angy er 25 år og arbeida og studert teater og drama sidan ho gjekk på vidaregåande. Dei siste åra har ho studert teater i mellom anna Paris. Ho har arbeida med feltet både i regionen og i Oslo, og har også vore aktiv på den lokale teaterscena, mellom anna med ein opptreden i Gjesmearkivet.

Dei siste åra  har Angy arbeida med å starte sitt eige norsk-meksikanske teaterkompani saman med andre skodespelarar. Familien til Angy kjem frå Chile og i januar 2024 er det planlagt ei premiere av eit teaterstykke som Angy sjølv har utvikla og skal spele i med utgangspunkt i familien sin historie frå nettopp Chile. Premieren vert her i Lærdal og allereie i sommar vil det vere mogeleg å få sjå ei prøvevisning av stykket.

Stipendet skal nyttast til arbeidet med teaterforestillinga, La genta de la tierra, eller Jordfolket som me ville sagt.

Gratulerar så mykje og lukke til til begge to!