Lærdal er som kjent vennskapskommune med Jeriko i Palestina, og 1.mai var det brei dugnad for å samla inn pengar til helsehjelp til Gaza i form av ein stor solidaritetskonsert i Hauge kyrkje. 

Eit mangfald av musikarar både frå Lærdal og nabobygdene bidrog - kor og korps, Longhorn, ungdomsband, spelemannslag, og ikkje minst ei rad framståande einskildartistar. Bak arrangementet stod alle politiske partia, kyrkja og fleire andre organisasjonar i Lærdal.

Billettinntektene og andre gåver som kom inn i samband med konserten, går uavkorta til NORWAC, ein norsk humanitær organisasjon som arbeider med helsehjelp i Palestina og for palestinske flyktningar i Midtausten. Dei er inne i Gaza no, og dei sender stadig sine helseteam inn dit med livreddande medisin og utstyr.

Lærdal sangkor med tonefølgje av Tom Karlsrud og Mathias Askvik opna konserten. Foto: Jan Olav Fretland
Aurland spelemannslag i aksjon. Foto: Ingebjørg Voll
Venke Aarethun har hatt eit stort engasjement for Palestina og talte under konserten. Foto: Ingebjørg Voll
Longhorn. Foto: Ingebjørg Voll
Ungdomsgruppa KVES. Foto: Ingebjørg Voll