- Dei har eigentleg jobba i heile haust med dette. Teikna, rekna ut proporsjonar og altså laga husa. Me hart også snakka litt om korleis livet var her i gamle dagar. Så det har vore tverrfagglegheit i det, med både kunst og handverk og samfunnsfag, fortel lærar Ida Rudningen.

Prosjektet har fått nettopp namnet «Peparkakebygda» og no blir Løytnantsbryggja i peparkakeversjon stilt ut i førjulstida på Telegrafen i 2.etasje. 

Opninga av Peparkakebygda skjer fredag kveld, 24. november, klokka 18 – altså etter tenning av julegrana og opning av julegata (som startar klokka 17), der kjem det også nisse om ein skal tru på jungeltelegrafen.

Artikkelen held fram under biletet

Iherdig jobbing med å laga Løytnantgsbryggja i peparkakehus
Iherdig jobbing med Løytnantsbryggja som peparkakebygd

- Så ønskjer me at folk kjem med eigne peparkakehus og set opp til utstilling på Telegrafen, saman med Løytnantsbryggja. Det kjem til å stå folk på Telegrafen kvar laurdag i desember og ta imot peparkakehus, fortel Rudningen.

- Korleis tykkjer elevane det har vore å jobba med dette?

- Dei tykkjer det har vore kjekt, men det har også vore intenst på slutten. Me er ikkje heilt ferdige, og skal gjera siste finish no i ettermiddag, fortel Rudningen nokre timar før opninga finn stad.

Her er programmet for heile denne helga i Lærdal: