Geir fortalde ivrig om kva som er det spesielle med naturmangfaldet i Lærdal, og elevane følgde nøye med. Dei vart spesielt interessert når ny og moderande teknologi vart teken i bruk. Med Artsorakelet på telefonen, vart heile klassen og læraren, i full gang med å bestemma artar me fann like ved skulen. 
 
Noko av det elevane fekk læra om, var att hoggormen ikkje er so farleg som me trur. Kommunen har det høgaste fjellet i Norge, og det er Bleia. Lærdal har eit heilt særmerkt og spesielt naturmangfald på grunn av det gode klimaet i den tronge dalen. Difor lever mange skjeldne artar her. 
 
På turen ut, vart mange artar bestemt med hjelp av Artsorakelet. Me fann fleire treslag som furu, bjørk og hegg. I elvegranden fann me planta aurskrineblom. Langs elveforbygginga fann me fleire hagerømlingar. Dette er artar som kan vera skadeleg for naturmangfaldet.  

Kva kjem de til å hugsa frå denne dagen, spurde læraren? -Me smakte på plantene, svara nokre av elevane.