- Eg trur det er det som kan bli så bra; at me har ulike innfallsvinklar, seier Bøe.

I haust lyste Lærdal kommune ut stilling som sosiallærar ved Lærdalsøyri skule. Så vart ei sosiallærarstilling til to etter at Lærdalsøyri skule fekk auka budsjettramma si og skulen dermed valde å prioritera to slike stillingar.

- Det er ein stor fordel at me er to på fleire vis. I tillegg til dette med ulike innfallsvinklar vil me få faglege diskusjonar når me er to, og me vil kunne vera meir synlege på heile skulen. Lærdalsøyri skule har store fysiske avstandar mellom dei ulike klassestega, så no kan me fordela oss litt, seier Klingenberg.

Ho er barnevernspedagog med vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid, Bøe har master i idrettsvitskap og elles utdanning innan leiing og administrasjon.

- Innhaldet som er interessant

Når dei no begge får titlane sosiallærarar er det i praksis stillinga som tidlegare heitte miljøarbeidar – og dei kjem begge frå stillingar i Årdal kommune innan miljøarbeid mot born og unge.

- Kva stillinga heiter er ein ting; det er innhaldet som er interessant, seier Klingenberg.

Og det er mangfaldig. Dei skal jobba både med ulike former for miljøtiltak på individnivå, gruppenivå, klassenivå og for skulen som heile. Då både opp mot elevar, sjølvsagt, men også opp mot lærarar og assistentar – altså vera støttespelarar for alle på skulemiljøfeltet. 

I tillegg kan einskildelevar koma og snakka med dei.

- Som eit lågterskeltilbod viss nokon treng å lufta tankar eller liknande. Ved faste samtalar som eit opplegg med elevar vil me involvera lærarar og foreldre, så det blir ein plan på det, forklarar Klingenberg.

Ho eksemplifiserer eit konkret tiltak som kan vera på både gruppe-, klasse- og såleis skulenivå:

- Å ha samtalar i grupper om språkbruk kan vera veldig aktuelt. Korleis snakkar me til kvarandre og kva tyder faktisk dei orda me brukar – å bevisstgjera kring dette. For det er mykje makt i ord og ordbruk.

- For at alle skal ha ein god kvardag

Viss ein skal skildra stillingane deira i ei setning blir det noko slikt som at at dei skal jobba for eit så bra miljø som mogleg blant born og unge på skulen, men også på fritida.

- For at alle skal ha ein god kvardag, rett og slett. Me kan forma stillingane litt sjølve, og gjera nye ting. Eg tenkjer også at dette fokuset er bra for bygda – me vil søkja samarbeid på tvers, både mot andre hjelpeinstansar i kommunen og til dømes lag og organisasjonar for born og unge. Då kan ein sjå dette att andre plassar enn på skulen også, seier Bøe.

- Eg brenn for at born og unge skal ha det bra; dei er vel så mykje på skulen som heime i løpet av ein kvardag. Så me er i posisjon til å gjera mykje førbyggjande arbeid, held Klingenberg fram.

- Trivst veldig godt

Det ligg an til godt arbeidsmiljø på sosiallærarkontoret – Bøe og Klingenberg er nesten like gamle og kjenner kvarandre godt frå før.

- Me har spelt mykje fotball i lag, seier Klingenberg, som er frå Årdal og bur i Seimsdalen, medan Bøe er oppvaksen og bur i Lærdal.

Ho er i foreldrepermisjon no og byrjar altså i august, medan den nye kollegaen hennar er i gang og starta på nyåret.

- Eg trivst veldig godt – det er kjekke born og kjekke lærarar, seier Klingenberg.

Rektor Magne Klepp er svært nøgd med dei to nytilsetjingane.

- Me ser ei samfunnsendring som inneber at det er behov for anna kompetanse inn i skulen. Føremålet med desse stillingane er å sikra at skulen sine elevar utviklar sosiale ferdigheiter, trivsel og eit positivt læringsmiljø. Sosiallærarane skal følgja opp både enkeltelevar og grupper eller klassar, og gje støtte og rettleiing til lærarar og assistentar på skulen, inkludert SFO.