Advokatfirmaet Tollefsen AS, Innovasjon Norge og Sognefjorden Næringshage gav dei frammøtte god, viktig og interessant informasjon.  

Det kom gode spørsmål frå dei frammøtte, så det blei ein interessant og fagleg god diskusjon. Ein av konklusjonane frå samlinga, er at det ikkje er noko fasitsvar på kva som er den beste løysinga for styreform. Det som er mest brukt styreform i landbruket, er Enkeltmansføretak.  

Innovasjon Norge har mange støtteordningar, so det er lurt å ta kontakt med dei, for å finna den beste løysinga med tanke på finansieringsordningar. 

Dei frammøtte fekk servert god mat frå kjøkenet på Lærdal bu- og omsorgsheim.   

Takk til alle foredragshaldarane og alle dei frammøtte. Håpar me sjåast på neste samling! 

Arrangør var Felles Landbrukskontor ÅLA og Sognefjorden Næringshage