- Eg og Pilar studerte i lag i Paris. Når ein blir kjent så deler ein jo gjerne om livet sitt. Så ho fortalde sin historie om sin familie og eg fortalde min histore om min familie. Ho tykte historia om foreldra mine som reiste frå Chile til Lærdal var veldig interessant, seier Angy Avendano.

Ho er utdanna skodespelar i Paris, og er oppvaksen i Lærdal. Men fødd vart Angy i Chile. Mor hennar, Rosa, flykta frå det chilenske diktaturet med Angy som baby på armen. 

- Lyst til å turnera internasjonalt

Dermed spelar Angy sin eigen mamma i teaterstykket ”La gente de la tierra”, som har premiere i kultursalen laurdag 27. januar klokka 18, og så er det ny førestilling søndag 28. januar også klokka 18.

- Migrasjon er eit tema eg og Pilar brenn veldig for. Og me tykte historien til familien min synte sider ved det ganske bra. Sjølv om dette er historien til mamma og min familie, representerer den veldig mange, seier Angy.

Pilar Carrer fortel om når Chile vart eit diktatur på 70-talet.
Pilar Carre fortel om diktaturet i Chile.

Pilar heiter Carre til etternamn, og dei to har både skrive regissert og utgjer to tredelar av skodespelarane i stykket, som er som eit dokuteater.

Med andre ord har dei gjort alt sjølve, og dette er det første teaterstykket dei har laga og set opp.

- Me har laga ei førestilling til, den er i Mexico no. Men ”La gente de la tierra” var det første me laga, og denne har me lyst til å turnera med internasjonalt.

- Veldig, veldig spent

Billettar til førestillingane i Lærdal laurdag og søndag får ein kjøpt ved å klikka her, til TicketCo sine nettsider. Det er billettsal i døra, men me oppmodar folk om å kjøpa billett på førehand for å sikra seg plass.

Angy er sjølvsagt spent på om det blir mykje publikum.

- Eg er veldig, veldig spent, og håpar jo at lærdøler og sogningar elles har lyst til å koma; er nysgjerrige og kjem med ope sinn.

Bileta er frå den første generalprøva på fredag

Veterancup med landslag og tre lærdalslag

Kulturlivet i Lærdal kan også by på eit anna arrangement denne helga – i andre enden av kulturskalaen, kan ein kanskje seia. Den tradisjonsrike Veterancupen går nemleg av stabelen fredag og laurdag.

Her kan det nemnast spesielt at Ukraina stiller i år som i fjor med tidlegare landslagsspelarar i landslagsklassen, som elles består Noreg, Finland, Færøyane og Georgia. Så her blir det mange fjes ein har sett på TV tidlegare, i alle fall om ein er fotballinteressert.

Dessutan stiller tre lærdalslag – old girls (som er dei yngste, frå 32 år og oppover), veterangirls og veteran herre.

Alle kampane med landslaga går i Lærdalshallen, og der har også dei tre lærdalslaga alle eller nokre av kampane sine i løpet av fredag ettermiddag/kveld eller på dagtid laurdag. I tillegg blir det sjølvsagt mange andre minneverdige fotballaugeblikk i hallane i Lærdal, Årdal og Aurland i løpet av helga også. 

Klikk her for å koma til oversikt over når og kvar dei ulike kampane går.

Frå ein tidlegare veterancup