Friske born har normalt eit mildt forløp av Korona og treng derfor ikkje vaksinen for skydd mot alvorleg covid-19 sjukdom. Helsemyndighetene har likevel beslutta at alle born der foreldre og born ynskjer vaksine skal få tilbod om det. Foreldre må samtykke skriftleg til vaksine.

Nokre born kan ha risiko for alvorleg Covid-19 sjukdom og difor er tilrådd å ta i mot vaksina:

  • Born med alvorleg grunnsykdom

Dette er til dømes medfødd alvorleg immunsvikt. Aktiv behandling for kreft eller sterkt immundempande behandling.
Desse borna får behandling hjå spesialisthelsetenesta. mange av dei har allereie fårr brev om vaksine.

Dei er tilrådd 2 doser med 8-12 vekers mellomrom.

  • Andre born som kan ta i mot vaksina for betre skydd av seg sjøve eller nære personer.
  • Born med andre kroniske sjukdommar (t.d. behandlingskrevjande astma)
  • Born med familiemedlemmer eller andre nære med særs høg risiko for alvorleg Covid-19 sjukdom.
  • ​Born som skal reise til land med høgare risiko for smitte eller dårlegare tilgang til helsetenester.

For desse vil ein dose gje god nok skydd.

For born som har hatt Korona reknast det som ein vaksinedose.

Helsestasjonen vil organisere vaksineringen av born mellom 5 og 12 år og vaksineringen vil og gå føre seg der. Bornet må ha fyllt 5 år før vaksinering.

Ingen born blir kalla inn til vaksinering. Dei som ynskjer vaksinering tek kontakt på telefonnummer 57669500 for å avtale tid for vaksine.

Grunna pakningsstorleik på vaksinene må vi samle 10 og 10 før vi vaksinerer. Vaksinering vil i fyrste omgang bli gjennomførd på dagtid.

Les meir om vaksine til born på:
Helsenorge
Folkehelseinstituttet
Samtykkeskjema - vaksinasjon av born og unge under 16 år