Tysdag 16. april arrangerte System for styrka læring, Ungt Entreprenørskap og Lærdal kommune den 15.entreprenørskapsmessa i Sogn.

30 elevbedrifter frå 9.klassar i Aurland, Lærdal, Luster, Sogndal, Vik og Årdal synte fram det dei har jobba med i vinter og av desse 30 var det 7 av bedriftene som fekk tildelt pris for arbeidet dei har lagt ned. To av desse vart altså Lærdalsbedriftene Jordeplegudl og Kameratane. 

Jordeplegudl vann den gjeve prisen Beste elevbedrift. Bedrifta produserer potetgull laga av restepoter frå Lærdal. Karane bak bedrifta sin reaksjon etter prisutdelinga var: “Det va diggh!”, “Litt craisy” og “Det va verdt all jobbingi”. Dei som står bak Jordeplegudl er Vegard Yttri Horge, Aksel Hunderi, Ådne Fossen Bjørkum, Malaz Mohamad Awad, Håvard Maristuen og Shayan Abolmohadi.

Kameratane vann prisen Beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt. Bedrifta arrangerer treff mellom eldre og yngre, til dømes aktivisering av eldre på Lærdal bu og omsorgsheim. Elevane i bedrifta seier i ein kort kommentar: “Det føles bra!”. Dei som står bak denne bedriftidéen er: Line Sophie Rodrigues Hiller, Matylda Obara, Nila Horge og Johanne Gram.

Til stade på årets entreprenørskapsmesse var også fleire vaksenbedrifter som synte fram mangfaldet av næringslivet i Lærdal og omegn. Fleire av desse standane var populære og skapte mykje aktivitet. Alle 8. klassingane i Sogn var særskilt inviterte for å sjå og bli inspirert av det 9. klassingane har arbeida med det siste året. I tillegg var det bedriftsbesøk for 8. klassingane rundt på ulike Lærdalsbedrifter og inspirasjonsføredrag med Stian Offerdal Vatlestad om korleis Jordeplerock såg dagens lys i 2013 og den spennande reisa frå det som var eit bulystprosjekt for ungdom til å bli ein av regionens største festivalar. 

Det var eit yrande liv i Lærdalshallen denne dagen med både kulturskuleinnslag, bedriftpresentasjonar og over 500 elevar og 100 lærarar.