Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.

Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.

Fylkeskommunen legg vekt på desse kriteria i tildelinga:

  • idrettsprestasjonar
  • potensial
  • planar for vidare satsing innan idrett
  • aldersgrupper 16–25 år
  • utøvarar som får toppidrettsstipend frå Olympiatoppen fell utanfor målgruppa.

Les meir om stipendet og finn søknadsskjema på fylkeskommunen si nettside.