- Det har vore gjort mykje bra arbeid på kommunen innan dette feltet, men som mange andre plassar har det vore kultur for å jobba på kvar si tue. Fokuset ligg på samhandling og at ein skal tidleg på bana, så små saker ikkje veks seg store, forklarar prosjektleiar Silje Langehaug.

«Tett på born og unge i Lærdal» var eit prosjekt som starta på tampen av 2020. På den eine sida handla det om ulike tiltak for at vaksne skal vera tettare på born og unge i kommunen.

På den andre sida la arbeidet grunnlag for ein førebyggjande plan for born og unge – dette vart i 2022 lovpålagd for alle landets kommunar. Sidan arbeidet då alt var godt i gang fekk Lærdal kommune ferdig planen no i haust, den vart vedteken i kommunestyret i september. Klikk her for å sjå planen og lesa om trygg oppvekst i Lærdal.

- Det har vore viktig å gjera folk kjende med prosjektet og satsinga på born og unge som er i Lærdal, fortel Langehaug.

- Meir til stades

Hovudpoenget med planen er samhandling. På den eine sida at arbeid med og for born og unge blir meir systematisk – altså at gode eksisterande og nye tiltak er del av ein metodikk og eit system. På den andre sida at tilsette i ulike deler av kommunen – til dømes innan oppvekst, kultur og helse - er del av denne metodikken.  

- Kartlegginga har synt at det er trong for kompetanseheving mellom anna innan tema som vald i nære relasjonar og psykisk helse og rus hjå born, unge og foreldre, forklarar Langehaug.

Gjennom ungdata-undersøkinga i 2021 såg ein også mellom anna at Lærdal kommune skilde seg ut på at ungdomane var misnøgde med lokalmiljøet – på landsbasis var 67 prosent nøgde med lokalmiljøet, i Lærdal var 47 prosent nøgde.

- Me ser også at det har vore stort fråfall i fritidsaktivitetar. No er det små kull som ligg til grunn for resultatat, men me må ta det på alvor.

Juniorklubb, Kom heimatt og utekino

Difor vart det kjapt iverksett  ulike arrangement for born og unge i regi av Tett på-prosjektet. I 2021 la ein til til rette for juniorklubb som utvida tilbod på Kosen ungdomsklubb, dette er implementert i budsjett som eit permanent tiltak. 

Gjennom tilskot til styrking av helsestasjonen vart det i 2022 gjennomført ulike arrangement som utekino og Kom heimatt for ungdom i samarbeid med andre eksterne etatar og dei tilsette på ungdomsklubben. Kom heimatt for ungdom vart vidareført i år, og er no lagt inn som fast arrangement.

- Vaksne skal vera meir til stades på arenaene til born og unge; i friminutta og elles på skulen og på ungdomsklubben, til dømes – der skal Politiet og skulehelsetenesta innom og snakka om ulike tema. Poenget er at laget rundt skal vera meir til stades og samansveisa, forklarar Langehaug.

Gode verktøy og god informasjon

Andre moment i planen er slikt som at born og unge skal medverka meir i eigne saker når til dømes Barnevernet er involvert.

- Me veit på nasjonalt nivå at dei ofte blir kasteballar i systemet, difor treng ein gode, samhandlande system, seier Langehaug.

Foreldrerettleiingsprogram som skal vera enkle å bruka og styrka innsats i skulen er andre viktige moment i førebyggjande plan for born og unge. 

- Essensen er at me støttar kvarandre i å gje born, unge og alle rundt gode verktøy og god informasjon. No veit me mykje om behova, og planen skal syta for at tiltak ikkje berre blir henta frå lause lufta. Over jul kjem det ei ny ungdata-undersøking, då får me vita meir om korleis ungdom trivst i kommunen no, seier Langehaug