Etter først overvatn og så to ras på vegen mellom Lærdalsøyri og Erdal vart vegen stengt - tysdag kveld opplyser teknisk eining at innbyggjarar i Erdal kan køyra over Aurlandsfjellet når dei skal ut av grendi. 

Det står ein bukk på aurlandssida for å markera at turistar ikkje skal ta seg over Aurlandsfjellet sidan det altså er stengt på lærdalssida, men denne kan erdøler på veg mot Aurland flytta mellombels og køyra forbi.

Vidare opplyser teknisk eining at det kjem geolog i morgon onsdag og at vidare vurdering av når ein kan få opna og rydda fylkesvegen mellom Lærdalsøyri og Erdal blir gjort då.

Personane som ei tid tysdag ettermiddag stod fast mellom dei to rasa som gjekk på fylkesvegen til Erdal har vorte evakuerte ut og er i tryggleik. 

Fylkesvegen mellom Borgund sentrum og kraftverket på Lo er framleis stengt på grunn av overvatn og det er uvisst når det vil opna att.