Fleire vegar i Lærdal vart stengde tysdag på grunn av ras eller overvatn då ekstremvêret “Hans” var på sitt sterkaste i kommunen. Dette er status på desse vegane onsdag ettermiddag:

  • Fv 5629, Steinklepp - kraftverket på Lo (Hillestadstrondi): Opna onsdag kring kl. 1430. Overvatnet som gjorde at vegen stengde tysdag har gått tilbake.
  • Fv 5627, strekninga Lærdalsøyri-Erdal: Ryddearbeidet med rasa som gjekk her er i gang, men strekninga blir ikkje opna i dag. Ny vurdering blir gjort når ryddearbeidet er fullført. Folk som bur i Erdal må inntil vidare køyra via Aurlandsfjellet for å koma seg inn i eller ut av grenda med bil.
  • Fv 5627, strekninga Erdal-Vindedalen: Stengt på grunn av ras, uklart når strekninga kan opna att.
  • Vegen inn Raasdalen: Stengt på ubestemt tid ved Mo. Dette på grunn av ras litt lenger inne i dalen. 

Så snart kommunen veit når dei ulike vegane opnar att, blir oppdatert informasjon lagt ut her.