Måndag stengde vegen mot Vindedalen/Revsnes ved Erdal på grunn av rasfare. Tysdag ettermiddag stengjer Lærdal kommune vegen lenger inne, ved Røyrnes, på grunn av overvatn. Det vil seia at ein no ikkje kjem seg til eller frå Erdal på lærdalssida. Ein kjem seg heller ikkje til Lærdalsøyri om ein kjem over Aurlandsfjellet.

Teknisk eining melder at entreprenør er på veg og at det blir gjort nye vurderingar kring vegen når ein har meir oversikt over situasjonen.

Vidare er det overvatn på fylkesvegen mellom Steinklepp og kraftverket på LO. Her er det ikkje kome opp fysiske sperringar, men det er såpass høgt overvatn at det er sterkt frårådd å køyra på vegen.

Årsaka er svært mykje regn i samband med det pågåande ekstremvêret.