Enkelt forklart kan ein seia at klimagassutslepp fører til klimarisiko, og at klimabudsjett er eit verktøy for å redusera  utsleppa. 

Klimagassutslepp i Lærdal

Klimagassutslepp er delt opp direkte utslepp, som reknast innanfor eit geografisk område, som ei kommune eller eit land. 

Indirekte utslepp er klimagassutslepp som vert generert utanfor det geografiske området, på grunnlag av den aktiviteten som føregår innanfor, til dømes, kommunen. Det omhandlar forbruksbasera utslepp. Dei samla klimagassutsleppa vert uttrykt som klimafotavtrykk.

Miljødirektoratet har utarbeidd ein samla statistikk over dei direkte klimagassutsleppa i kommunane i Noreg. Dei direkte utsleppa i Lærdal kan ein finna på nettsida til Miljødirektoratet ved å klikka her. 

Klimarisiko

Omgrepet klimarisiko inneheld mange ulike tema som både kommunen og andre aktørar i samfunnet kan nytta i langsiktig planlegging. 

Kommunalbanken har presentert dei viktigste emna innan klimarisiko, som finansiell klimarisiko, fysisk klimarisiko, overgangsrisiko, ansvarsrisiko, gjennomføringsrisiko og grenseoverskridande klimarisiko

Les meir om klimarisiko ved å klikka her.

Det er utarbeidd ein egen klimaprofil for klimendringar i Sogn og Fjordane, hjå Norsk klimaservicesenter. Den handlar om endringar i fysisk klimarisiko som er venta i denne regionen

Klikk her for å sjå kimaprofil for Sogn og Fjordane.

Klimabudsjett for Lærdal kommune

Lærdal kommune har utarbeidd sitt første klimabudsjett i samband med økonomi- og handlingsplanen for 2023-2026. Klimabudsjettet viser kva for tiltak kommunen planlegg å gjennomføra i denne perioda.