Torsdag 5.oktober var det temakveld på ungdomsklubben Kosen - då kom Lærdal brann og redning for å snakka om brann og førebygging - mellom anna fekk undomane testa brannsløkkingsapparat.

Så var det oppstart av sesongens juniorklubb måndag 16.oktober. Dette har vore eit tilbode for 7.klassingar, men er i år utvida til å vera også for 6.klassingar i. Dette for å leggja til rette for ein uformell møteplass i tråd med ønskje frå born og unge gjennom medverknsdsprosessar i arbeid med Tett på-prosjektet. Les meir om dette ved å klikka her.

Tysdag 31.oktober vert det Halloween-arrangement og 30.november kjem politiet og tilsette ved helsestasjonen for å snakka om temaet rus.