Sogn kunstsenter og Nasjonal villakssenter

I sommar kan du med ein billett oppleve både villakssenteret i ny prakt og ferske utstillingar i Sogn kunstsenter. I Villakssenteret kan du følgje laksen gjennom oppveksten i elva, vandringa ut i storhavet, tilbake inn fjorden og opp fødeelva til han møter fossen der han ikkje kjem lengre. I kunstsenteret kan du sjå portrettutstillinga med Hans Gjesme, Andlet til andlet eller samtidsutstillinga Andre landskap av Kjell Gunnar Overøye.

Du kan i tillegg nyte god mat i Laksen bakeri og kafé eller prøve deg på aktivitetsbordet i Kunstfoajeen.

Opningstider 2023: 16. juni - 15. august: måndag - søndag kl. 10-18, 16. august - 15. september: måndag - søndag kl. 10-16

 

Lærdal post- og telemuseum

Telegraf- og telehistoria i Lærdal strekkjer seg attende til 1856. Norsk Telemuseum si avdeling i Lærdal syner glimt frå ei spennande teknologisk utvikling. Maihaugen folkemuseum på Lillehammer er ansvarleg for ei interessant posthistorisk utstilling i same lokale.Gjennom fotografi og illustrasjonar, tekstar, gjenstandar, modellar og lydkulisser vert tilskodaren teke med på ei kort reise i lokal, regional og nasjonal posthistorie, under temaet ”Frå fjord til fjell”. 

I andre etasje kan du sjå den historiske utvandrarutstillinga som er sett opp av Lærdal historielag. Det er også posesal av brukte bøker frå Lærdal folkebibliotek. I resepsjonen er det mogeleg å få kjøpt historiske hefter og blad, i tillegg til bygdebøkene frå Lærdal.


Ope tysdag - laurdag kl. 11-16 frå 27. juni - 30. juli, 

 

Lesekiosk

Ved Telegrafen er det plassert ein telefonkiosk som er gjort om til eit minibibliotek. Her kan kven som helst ta ei bok, eller sett inn ei bok dei ikkje treng lenger. Kiosken er drifta av Lærdal folkebibliotek og er open døgnet rundt, året rundt. 

 

Skogsopplevingar - teater på podcast

På veg til dagsturhytta på Mjølkeflaten kan du no få ei heilt spesiell teateroppleving. Med «Skogsopplevingar» tilbyr Teater Vestland ei gratis teateroppleving som du kan laste ned, eller strøyme direkte via mobilen din, og ta med ut på tur når det passar deg, og som du kan lytte til igjen og igjen. Ei oppleving du kan ha aleine, eller saman med andre. Du finn «Skogsopplevingar» der du til vanleg strøymer podcast, eller på Teater Vestland si heimeside, teatervestland.no. På dagsturhytta heng det og ein QR-kode som du kan skanne, og så kjem du direkte til lytteopplevinga.

 

Dagsturhytta

Dagsturhytta i Lærdal er plassert på Mjølkeflaten og har fått namnet Mjølkeflathytta. Frå hytta er det god utsikt over Lærdal, både mot Øyri og oppover til Ofta og Hauge.

Tilkomst og parkering: Ta av frå rv. 5 mot sentrum og ta av til Lærdal Grønt. Her vi du finne ein opparbeidd parkeringsplass for dagsturhytta. Gå gangvegen vidare under brua og følg vegen over brua for å finne stistart. 

Stien til hytta: Turen til Mjølkeflathytta er ein lett tur i fjellsida på nordsida av Lærdalsøyri. Stien er fin og godt merka. Rett før tunnellopninga til Fodnestunellen er det ei grind og det er merka sti til Mjølkeflathytta.

 

Lærdal i 1000 år

I år markerer me tusenårsjubileet for Olav den heilage si reise gjennom Lærdal. Du kan bli med på feiringa ved å delta på eitt av arrangementa i jubileumsåret, eller ved å feire Olav den heilga på din eigen måte. Kva med ein tur til Olavskjelda på Fodnes, eller ein fottur opp til Jutlamannen? Det er også mogeleg å sjå Olavsklemma ved Sjurhaugen. Alle turane er godt merka og ligg på Ut.no.

Laurdag 29. juli verdt det pilgrimsvandring og olsokgudsteneste i Borgund stavkyrkje med kyrkjekaffi i besøkssenteret etterpå.