FRISKUS kjem og held ein ny opplæringsøkt i FRISKUS for alle som vil, både næringslivet, lag og organisasjonar og andre. Kurset er 27. september kl.18.30 - klikk her for å lesa meir.

Rask oppstart – program for grundarar med gode idear og dårleg tid! Kurset er gratis og startar 13. oktober, meir informasjon og påmelding finn du ved å klikka her.

Korleis skilje seg ut på sosiale medium? Bli med på kurs 2. oktober i Sogndal! Meir informasjon og påmelding finn du ved å klikka her.

Næringskonferansen 2023 går av stabelen i Flåm 19. og 20. oktober, årets tema er kommunikasjon! Klikk her for meir informasjon og påmelding.

Presentasjon av ombruksrapport - Lærdal kommune bestilte ein rapport frå Resirkula på kva ein skal gjera for å få meir ombruk i Lærdal. Det blir presentasjon av rapporten 25. sept kl. 9 - 11 i kommunestyresalen. 

Nærings- og konsesjonsavgiftsfondet i Lærdal

Lærdal kommune har som mange veit eit eige næringsfond som skal gå til etablerte verksemder eller som ynskjer å starte opp. Søknadane vert handsama tre gonger i året innanfor budsjettramma og søknadsfristane er 1.januar, 1. april og 1. september. Dersom du tenkjer å søkje om tilskot kan du ta kontakt med næringsrådgjevaren for rådgjeving og hjelp med søknadsskrivinga. 

Nye moglegheiter i SpV`s næringsfond 

Årets tredje utlysing av moglegheiter for å søkja støtte til utvikling av nyskapande, framtidsretta forretningsidèar med vekstpotensiale, er hermed opna. 

Tysdag 24.oktober samlast styret for fondet for å vurdere innkomne søknader, og frist for å få prosjekt vurdert er sett til tysdag 26 september.

Fristen er litt kort, men dette er ei utlysing som skjer fleire gonger i året så det kan uansett vere nyttig for fleire å gjere seg kjent med denne. Søknadsskjema og meir informasjon finn du her ved å klikka her.

Mentorprogrammet 2023/2024

Gjennom prosjektet Sogn for alle tilbyr Sogn regionråd eit mentorprogram for tilsette som gjev opplæring, oppfølging og støtte til nykomlingar på arbeidsplassen. Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. 

Mentorprogrammet vil gje bedrifter/arbeidsgjevarar kompetanseheving innanfor viktige fagområde. Oppstart av programmet er i slutten av november. Dei som er interesserte kan ta kontakt med Eirin Kormeset på e-post: eirin.kormeset@sogndal.kommune.no

Me vil anbefale deg å melde deg på nyhendebrevet til Sognefjord Næringshage, Sogn Næring og Kunnskapsparken som held kurs med jamne mellomrom retta mot næringsdrivande. Har verksemda di behov for kurs? Send ein epost til næringsrådgjevaren om dette så ser me om me kan få satt det opp!