Litt om tomtene: 

Tomt 1: 
Areal: omtrentleg 1130 m2 (kan bli små justeringar etter oppmåling er gjennomførd)
Tomta ligg i enden av ei bustadrekke, og har tilkomst frå Sekleppvegen.  Tomta ligg ved RV5, og har avgrensingar for bygging i høve faresone for skred og byggjegrense langs RV5. Ved å plassere bustaden i byggjelinja som dei andre bygningane i Sekleppvegen ligg i, så er ein utanfor byggjeforbodsona. 

Tomt 2:
Areal:  omtrentleg 1020 m2 (kan bli små justeringar etter oppmåling er gjennomførd)
Tomta ligg i enden av ei bustadrekke, og har tilkomst frå Sekleppvegen.  Tomta ligg ved RV5, og har avgrensingar for bygging i høve faresone for skred og byggjegrense langs RV5. Ved å plassere bustaden i byggjelinja som dei andre bygningane i Sekleppvegen ligg i, så er ein utanfor byggjeforbodsona. 

Tomt 3:
Areal: omtrentleg 560 m2 (kan bli små justeringar etter oppmåling er gjennomførd).
Tomta ligg i enden av ei bustadrekke, og har tilkomst frå Skulevegen.   Denne tomta har kommunalt og privat infrastruktur i bakken over tomta. Kommunen tek kostnad for å flytte privat VA-ledning, for å gjere disponering av tomta meir fleksibel. Hovudvassleidning kan ikkje flyttast, eller byggjast oppå, så bustaden må plasserast på sørsida av denne.

For alle tomtene gjeld: 
Det er ikkje lov til å byggje kjellar på heile Lærdalsøyri pga. flaumfare, og nye bygningar må ha noko høgare grunnmur pga. for å byggje i det som vert definert som flaumsikker høgde. Det er kommunalt VA-anlegg i bustadfeltet som ein må kople seg på. Tomtene ligg sentralt på Lærdalsøyri, ikkje langt frå barnehage, skule og sentrum. Rett ved tomtene er det grøntareal som er gjennomgåande i heile bustadfeltet. Delar av grøntarealet er nyleg regulert til felles utomhusareal og leikeplass. Det er ikkje gjennomkøyringsveg forbi tomtene, så trafikken i området er svært avgrensa.  Nyleg vedteken reguleringsplan er gjeldande for oppføring av nye bygningar på tomtene, og det er her reglar for maksimal høgde, utnytting av tomta, tilpassing til eksisterande bygningsmiljø osv. Reguleringsplanar er juridisk bindane for utbygginga av nye bustadar. Bustadfeltet Hanseskogen vert rekna å vere eit attraktivt, trygt og sentralt bustadfelt på Øyri.

Om salsprosessen:
Alle privatpersonar kan søke om å få kjøpe tomtene, og ein kan søke på fleire tomter i prioritert rekkefølgje. Det er viktig å lese grundig gjennom kommunen sitt reglement for sal av kommunale tomter før søknad vert sendt inn.  Tildeling av tomtene skjer ved loddtrekking, og alle søkarar vert invitert til å delta på trekninga. Frist for å senda inn søknadskjema for tildeling av kommunal bustadtomt i Hanseskogen er sett til 20. mai 2024.  Snarleg etter fristen er ute, vil søkarane få svarbrev frå kommunen, med invitasjon til å delta på loddtrekning.  Etter tildelinga er gjennomførd, vil det bli utarbeida kjøpsavtalar med kjøparane, og eigarskifter vert tinglyst. 

Les meir om prosessen, reguleringsplanar osv. her (trykk på lenkane): 

Her finn du informasjon om reguleringsplanprosessen
Pris for tomtene (hugs indeksregulering)
Retningslinjer for tildeling av kommunale tomter
Søknadskjema for tildeling av kommunale tomter

Kontaktpersonar: 

Spørsmål om tildeling, reguleringsplan eller liknande: 
arealplanleggjar Monika Lysne, e-post: monika.lysne@laerdal.kommune.no, tlf. 905 16 686

Spørsmål om VA-anlegg, tilkobling eller liknande: 
ingeniør teknisk eining Alf Magne Hjellum, e-post: alf.magne.hjellum@laerdal.kommune.no, tlf. 917 83 757