Lærdal kommune har følgjande tilbod:

  • Frå 1. august er det ledige plassar i skulefritidsordninga (SFO) ved: Lærdalsøyri skule
  • Frå 15. august er det ledige plassar i skulefritidsordninga (SFO) ved: Borgund skule (her er datoen forskyvd frå 1. august til 15.august; ein har gjort unntak frå SFO-vedtektene til nytt oppvekstsenter står klart) 

  • Frå 15. august er det ledige barnehageplassar ved:

- Lærdalsøyri barnehage

- Borgund barnehage

Søknadsfrist er 1. februar. Søknad skal sendast elektronisk - ein søkjer gjennom Foresattportalen som ein kjem til ved å klikka på denne lenkja (Logg inn med ID-porten og gå inn på “Søknader”). 

Barn som har barnehageplass eller SFO-plass frå før treng ikkje søkja på nytt. 

Dersom ein ønskjer oppstart i barnehagane perioden 1. februar 2025 - 1. mai 2025, så ta kontakt med styrar i den aktuelle barnehagen - sjå kontaktinfo for Lærdalsøyri barnehage ved å klikka på denne lenkja, og kontaktinfo for Borgund barnehage ved å klikka på denne lenkja.

Ønskjer ein oppstart før 1. februar 2025, søkjer ein i det ordinære opptaket no, med frist 1. februar.