Kommunedirektøren er den øvste administrative leiar for organisasjonen og har ansvar for all kommunal drift. Med seg i dette arbeidet har rådmannen ein administrativ stab som har delegerte fagansvar.
Lærdal kommune er organisert etter ein 2-nivå modell med ti tenesteeiningar. Leiarane av tenesteeiningane har delegert ansvar for fag, personal og økonomi.

Kommunedirektøren skal, saman med sin stab, stø opp under tenesteeiningane og sjå til at einingane yter best mogleg tenester til innbyggjarane – innafor eigne budsjett og fullmakter.

Kommunedirektøren jobbar ut frå vedtak fatta i kommunen sitt øvste organ (kommunestyret) og har tilrådingsrett i alle politiske saker. Det er rådmannen som er einaste formelle kontaktledd mellom administrasjonen og den politiske leiinga (ved ordførar) i det daglege.

 

Kommunedirektøren skal:

  • ha strategisk, tverrfagleg og heilskapleg fokus

  • sikre at dei kommunale tenestene som vert levert kvar dag er forsvarlege og tilpassa dei økonomiske rammene kommunen har

  • sikre at kommunen er ein god arbeidsplass for alle tilsette

  • sikre at politiske saker kjem på sakslista og er tilstrekkeleg opplyst før handsaming

  • sikre at politiske vedtak vert fylgt opp med handling innan dei fristane som gjeld

  • bidra til at kommunen er ein god plass å bu og vekse opp i

  • støtte opp under det lokale næringslivet