Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik, oppmodar prosjektkoordinator for Trygge Lærdal, Kristen Olav Grøttebø:

- Klipp hekken før skulestart. Trafikktryggleik er også ditt ansvar!

Ein lovpålagt stuss

Å syta for fri sikt og fri ferdsel er så viktig at ansvarsforholda er nedfelt i Vegtrafikklova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippa hekk og busker på eigedommen din, påpeikar Grøttebø.

Difor oppmodar både Trygg Trafikk, Statens vegvesen og Lærdal Kommune folk om å klippa hekkane i samband med skulestart.

Born og andre som syklar kan vera vanskeleg å sjå i utkøyrsler og kryss om hekken ikkje er klipt. Illustrasjonsfoto
Greiner må ikkje henga lågare enn fem meter over vegbana eller tre meter over fortau og gang- og sykkelsti. Illustrasjon
Hekken skal ikkje stikka ut i vegen eller over fortauet. Illustrasjon

- Me har fått meldingar om fleire syklistar langs Øyragata som tek oppi eller borti busker og tre som heng ned eller stikk ut, spesielt når det regnar. For dei som har førarhund er det også problematisk med hekker og busker som stikk ut i vegen og fortau - då må dei tvinga hunden forbi og rundt, og det oppfattar hunden som farleg fordi det er motsett av kva den har lært, seier Grøttebø.

Trygge Lærdal er eit prosjekt som fokuserer på å unngå uønskte hendingar av ulikt slag, og det handlar mykje om førbyggjing. Grøttebø oppmodar folk som har spørsmål eller opplysingar om tryggleik - både generelt og i høve klipping av busker og tre - om å ta kontakt med han.