- Dette skal vera ei høgtidsstund, innleia ordførar Audun Mo då representantar frå Trygg Trafikk var på besøk i Lærdal torsdag 23. november.

Å bli trafikksikker kommune inneber at ein oppfyller kriterier som tek utgangspunkt i lover og forskrifter innan trafikktryggleik som ein kommune er pålagt å følgja. Når Trygg Trafikk var i Lærdal i slutten av november for å avvikla eit sokalla godkjenningsmøte var det for å nettopp godkjenna Lærdal som trafikksikker kommune, som den 173. kommunen i landet og den 14. i Vestland fylke.

- Me ser litt av kvart, men dette var veldig, veldig bra, sa Harald Heieraas, fagsjef Trafikksikker kommune i Trygg trafikk.

Fekk bevis

For skal ein kommune bli godkjent må ein heil del dokumentasjon på plass, og her var det altså lovord frå fagsjefen. 

Han forklarde at det å bli trafikksikker kommune ikkje berre handlar om rutinar som går direkte på sjølve vegane, skilting, strøing og så vidare – men til dømes også skulane og barnehagane gjev trafikkopplæring etter lovverket.

Les meir om ordninga og kriteriane ved å klikka her.

- Til dømes har barnehagane vore ein kjemperessurs i høve trafikktryggleik og førebyggjande arbeid i alle år, utan at det har vore synleggjort. Slik synleggjering er noko av poenget med ordninga, sa Heieraas.

Godkjenningsmøtet som fann stad i kommunestyresalen innebar mellom anna at Trygg trafikk overrakte sjølve beviset for at Lærdal er vorten trafikksikker kommune – «skilt» med påskrifta «Trafikksikker kommune, «Trafikksikker barnehage og «Trafikksikker skule». Heieraas og kollega Audun Heggestad delte også ut diverse trafikktryggjande remedier, som refleksband til barnehagane. 

Formannskapet og representantar frå einingar og sektorar i Lærdal kommune som har vore involverte i arbeidet var med på godkjenningsmøtet 23. november.
Formannskapet og representantar frå einingar og sektorar i Lærdal kommune som har vore involverte i arbeidet var med på godkjenningsmøtet 23. november.

- Så vil ein alltid møta innbyggjarar som hevdar at ting manglar, sa Heieraas, og påpeikte vidare at  det å vera Trafikksikker kommune viser at ein har rutinar etter lovverket og at desse er systematiserte og dokumenterte.

Vidare streka han under at ein Trafikksikker kommune må regodkjennast etter tre år – då blir det undersøkt om det trafikktryygjande arbeidet blir fulgt opp som det skal.

- Eg må først og fremst retta ein stor takk til alle i Lærdal kommune som har bidrege i arbeidet, sa ordførar Mo avslutningsvis.