Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Næring

Lærdal – midt i smørauget

Lærdal ligg midt mellom Oslo og Bergen og har til alle tider vore eit nasjonalt knutepunkt. Heilt sidan menneska byrja å vandre i dette landet, har ei hovudferdsle mellom aust og vest gått gjennom Lærdal. Slik ligg Lærdal strategisk til for å etablera bedrifter i mange bransjar.

Lærdal har vore marknadsplass i mange hundreår grunna si strategiske plassering inst i Sognefjorden. Marknadstradisjonen blir i dag halden i hevd gjennom tre årlege, store marknadar – her frå Lærdalsmarknaden som blir arrangert i juni.