Sogn Interkommunale miljø- og avfallsselskap IKS, SIMAS,  har ansvar for renovasjonsordning og slamtømming for Lærdal kommune. SIMAS brukar opplysningane som ligg i matrikkelen som grunnlag for utskriving av renovasjonsgebyr.

Vi anbefalar at du lastar ned appen "Min renovasjon". Der du får oversikt over når det er henting av dunkar og du kan legge inn varsling til deg sjølv. Du kan også laste ned Simas sin avfallskalender for Lærdal.
 

Renovasjons- og slamgebyr 
Det er SIMAS som fastset gebyr for slamtømming og renovasjon.  
Les meir om gebyrsatsane her.

Fritak for renovasjonsgebyr
Søknad om fritak for renovasjonsgebyr er det SIMAS som handsamar. Les meir om fritak for renovasjonsgebyr her.

Miljøstasjon
SIMAS har miljøstasjon der innbyggjarar kan levere større avfallsmengder utanom ordinær avfallsordning. 
Opningstider på miljøstasjon i Lærdal: Kvar tysdag 12.00-18.00 (Frå 1. mai til 1. september er det utvida opningstider til kl. 19.00).
Les meir om sortering av avfall til miljøstasjonen her .

Kontaktinformasjon SIMAS:  tlf 57657070 eller SIMAS si heimeside.