Lærdal Brann og Redning er eit kommunalt brannvesen. Styrken består pr.idag av 18 mann: 1 brannsjef,4 utrykkingsleiarar og 12 brannkonstablar (alle i deltidsstillingar).
I tillegg har Lærdal kommune ein deltidsstilling på brannførebyggande arbeid.

Lærdal Brann og Redning er delt i to arbeidsfelt:

  • Brannførebyggande arbeid
  • Utrykning ved brann og ulukker

Brannførebyggande arbeid:
Lærdal Brann og redning utfører brannsyn av særskilde brannobjekt (skular, hotell, sjukeheim o.l) samt:

  • sakshandsaming ved søknader om oppbevaring av brannfarlige og eksplosive varer
  • brannteknisk byggesakshandsaming
  • feiing av piper og kontroll med eldstader
  • opplæring av brannvernansvarlege/brannvernleiarar
  • brannvernopplæring vert gitt til skuleelevar, barnehagar, helsepersonell. 
  • kurs/informasjonsarbeid
  • Vi hjelper til der vi kan ved forespørsel

Utrykning ved brann og ulykker:
Lærdal Brann og Redning skal på kort varsel rykkja ut ved brann, trafikkuhell og andre akutte hendingar. Brannvesenet har ikkje kasernert vakt, men er basert på utkallingsmannskap som er tilsett på deltid.

Brannsjef i Lærdal er Gaute Johnsgaard e-post