Jens Reidar Ljøsne orienterte om drifta på garden sin, og om korleis han gjer det med grovfôr produksjon på sitt bruk. Han har i fleire år prøvd ut dyrking av mais, og han prøver ut frøblandingar som skal vera mindre eigna til «hjortebeite». Dermed kom utfordringane med hjort i grovfôrenga på dagsorden. Noko som både bondelags-leiar i Vestland, Anders Felde,  og Mari Aker, frå Norsk landbruksrådgiving merka seg. Temaet skapte ein god debatt i forsamlinga!
Anders Felde, fortale om klimaplanen for norsk landbruk, der bransjen forpliktar seg til å redusera klimagassutsleppa med 5 millionar tonn innan 2030. Han meinte at dette målet kan nås ved smartare løysingar og arbeidsmetodar i den daglege drifta. Ny teknologi vart nemnd særskilt. Slik teknologi er kanskje dyrt, men investeringa kan med fordel delast på fleire bruk. Tema som er svært aktuelt er stripespreiing av husdyrgjødsel og bruk av gps-løysingar som gjev rom for å variera gjødsling etter jordtilhøve, hindra overgjødsling og (mindre kostbar) teknologi som handtera gjødsling ved kantsonar mot vassdrag. 
Etter ein matbit, gjekk turen ut i ei frodig eng av lusern, kløver, timotei og strandsvingel, nesten klar til fyste slått. Mari Aker frå Norsk landbruksrådgiving orienterte om korleis kvar bonde no kan skaffe seg oversikt over klimagass-utsleppa på garden sin ved hjelp av ein nyutvikla klimakalkulator, og kva ein sjølv må gjera for å nytta den. Så plukka ho opp nokre eksemplar dei ulike sortane gras ut av enga og samtalen gjekk om gode val av sortar gras på ulike type areal, klimasmart handtering av gjødsel og erfaringar hjå den einskilde bonde. 
Sola varma, kvelden vakker og stemninga god. Om ikkje tida for programmet var ute halv ni, så hadde me vel stått ute i enga enno!
Takk til alle som møtte fram. Spesielt takk til Jens Reidar som tok i mote besøk, og til gjestene Anders og Mari.

Inger Oddrun og Magnhild

Åtte innsatsområde for å redusera klimagassutsleppa i landbruket med 5 millionar tonn innan 2030

1. Introdusera og innføra bruk av klimakalkulator i landbruket
2. Meir klimavennleg og berekraftig fôring, avl og friskare husdyr - målretta innsats for betring av grovfôrkvalitet
3. Fossilfri maskinpark
4. Fossilfri oppvarming
5. Betre bruk av gjødsel og god agronomi
6. Bruk av husdyrgjødsel som råstoff i industrielle biogassanlegg
7. Jorda som karbonlager
8. Ny klimateknologi i landbruket