Orsaken til denne smittebølgja er ein meir smittsom variant av omnikron. Den gjer fortsatt berre milde symptom hos dei aller fleste.
Målt i tal sjukehusinnleggelsar verkar denne smittebølgja førebels å være vesentleg mindre enn bølgja i februar / mars i år.
Det er ikkje lengre eigne hygiene eller avstandsregler knytta til Covid. 
Ein er tilrådd å bruke dei råda som er knytta til luftvegssjukdommar generelt. Det gjelder og i institusjonar.
Bruk dei enkle råda som gjeld for å begrense smitten: difor bør ein bli heime ved nyoppståtte luftvegssymptom, sjå oppmodingar hjå FHI.
Der er framleis ikkje noko generell oppmoding om å la seg testa ved mild sjukdom.

Lenke til innmelding av postitv hurtigtest blir teken ned frå 1. juli.
Då det ikkje lenger er krav om testing for korona ved inn- og utreise til Noreg er det slutt på kommunal testing til koronasertifikatet frå 1. juli
For dei som ynskjer å teste seg er det framleis mogleg å henta koronatestar til sjølvtesting på rådhuset og helsesenteret innanfor vanleg opningstid.
Kommunene planlegg no vaksinering med  dose 4 etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet utover ettersommer og haust.
Prioritering blir som tidlegare etter alder og risiko.
Vi legg ut informasjon om tidspunkt og målgrupper etter kvart. Følg med på nettsidene til kommunen.