Lærdal kommune har eit tilbod i form av grovavfallsplass på Bergo, som er tiltenkt hageavfall. Men her blir det kasta mykje som ikkje høyrer heime på ein slik avfallsplass.

Mellom anna har det vore fleire tilfelle av at plastikksekker ikkje blir tømde, og at det blir kasta “generelt søppel” her. Det er tydeleg skilta at avfallsplassen gjeld for hageavfall, og det er eit stativ for å kasta tomme plastsekker i som skal nyttast til nettopp det - eventuelt at ein tek med tom plastsekk heim og sorterer som plastavfall.

No er grovavfallsplassen rydda og Lærdal kommune ber den blir nytta til hageavfall framover - og at plastsekkene blir handsama som dei skal.