- Først og fremst held me tett kontakt med Jeriko. Me er mange som er vener på Facebook, og eg ringjer to-tre gonger i veka til Wiam Erikat eller Marwan Samarat, som båe arbeider i kommunen og er tett på ordførar Abdalkarim Sider. Slik får me jamlege oppdateringar om stoda i byen, fortel Anna Jorunn Avdem, leiar i Jerikolaget.

- Veldig redde

I starten av oktober braut det ut krig mellom Hamas og Israel. Fleire tusen sivile er drepne, og krigen går føre seg hovudsakleg på Gazastripa. Jeriko ligg på Vestbreidda. 

- Dei har det relativt roleg der, samanlikna med dei ufattelege krigstilstandane i Gaza. Alle i Jeriko har slekt og vener i Gaza og er sjølvsagt veldig prega av det. Og om Jeriko ikkje blir bomba, så har dei kvar einaste dag og natt eitt eller fleire raid av israelske soldatar som kjem inn i Jeriko og skyt rundt seg og arresterer folk. Så både ungar og vaksne blir veldig redde. 

Byen er dessutan avstengt, slik at ein må gjennom sjekkpunkt med mykje venting og kontrollar om ein må utanfor bygrensene. 

- Men det er svært farleg ute på vegane. Mange er arresterte og drepne, også i Jeriko, fortel Avdem. 

Næringsliv og aktivitetar ligg også nede, så inntektene skrantar for folk. Bøndene får ikkje sendt ut produkta sine, hotell og kafear er stengde. Det er også dei fleste skulane. 

- For å gje uttrykk for medkjensla med vennskapsbyen vår, sende ordførar Audun Mo offisielt brev til ordføraren i Jeriko den 19. oktober, fortel Avdem. 

Nokre dagar etterpå hadde dei to ordførarane med nære medarbeidarar også eit Teams-møte. Jerikolaget var elles medarrangør og hadde appell på ei stor solidaritetsmarkering for Gaza i Sogndal den 4. november.

- Det var eit fint arrangement med 300 frammøtte. Me merkar også at fleire kjem innom Jerikobui og støttar palestinarane si sak med å kjøpa julegåver frå Palestina. Det er veldig kjekt å oppleva, oppi alt det forferdelege.

Ordførarane Sider og Mo under 25-årsjubileumet for vennskapsavtala under Lærdalsmarknaden i sommar – bak dei kan ein sjå tidlegare ordførar Hans A. Tønjum som signerte avtala frå Lærdal si side i 1998.

- Høgtidssamt og rørande

Vennskapsavtala mellom Jeriko og Lærdal vart underskriven under Lærdalsmarknaden i 1998, dermed var det 25-årsjubileum for vennskapet i sommar. Ordførar i Jeriko, Abdelkarim Sider, kom i lag med tre andre frå Jeriko til jubileumsfeiring nettopp under Lærdalsmarknaden no i år. 

- Sider var jo ordførar også i 1998, så det var både høgtidssamt og rørande då han og Hans A. Tønjum, som den gongen var ordførar i Lærdal, møttest att i Kvammegården. Lærdalsordførarane gjennom desse 25 åra deltok på jubileet, og det gjorde også den palestinske ambassadøren til Noreg, Marie Antoinette Sedin.

Avdem fortel at for Jerikolaget er fokuset no på å halda den tette kontakten med den palestinske byen, og at dei planlegg eit større møte med ein ekstern innleiar på nyåret. 

- Det er jo viktig å få sakleg og god informasjon om Israel-Palestina-konflikten, og også halda på håpet om at okkupasjonen av Palestina og den fryktelege krigen snart må ta slutt, slik at venene våre i Jeriko kan få oppleva å bu i eit fritt land, slik som me. 

I styret for Jerikolaget sit ordførar Audun Mo, Maritha Tønjum Skjerdal, Berit Kaardal, Jan Geir Solheim, i tillegg til Avdem sjølv. Ho påpeikar at lærdøler gjerne må ta kontakt med laget om ein lurer på noko, eller har noko å formidla til Jeriko. 

- Og folk må gjerne melda seg inn. Banda til  vennskapsbyen gjev oss ikkje berre gode venner, men også nærleik til og ei betre forståing av det store nyheitsbildet. Julebodskapen om fred på jord blir eit stort tankekors når ein veit at Betlehem, som ikkje ligg lagt unna Jeriko, er okkupert og minst like hardt råka av krig og ufred som Jeriko. 

 

Marwan Samarat frå Jeriko har sendt ei helsing til oss lærdøler. Han arbeider i Public Relation-avdelinga i Jeriko kommune og er alltid til stades som tolk og vert når lærdøler er på besøk i Jeriko. Han har også vore i Lærdal to gonger, i 2011 og 2018. 

Marwan Samarat saman med no avdøde Ove Ingvar Feidje under besøket frå Jeriko i 2011.

Til alle venner og heile folket i vårt kjære Lærdal! 

Eg vil med dette senda mine beste ynske og varme helsingar frå Jeriko i Palestina og takka dykk for vennskapen og for at de stør vårt rettferdige ynske om fridom. I desse dagar opplever særleg Gaza, men også resten av Palestina, eit brutalt åtak på barn og andre sivile. Då er det godt å kjenna at me har verkelege venner. Vennskapen mellom Lærdal og Jeriko har ei lang historie, og me vonar den skal halda fram gjennom generasjonar. Me deler gleder og sorger, store og små hendingar, og ikkje minst besøk i heimane til einannan. Slik veks dei to samfunna våre tettare og tettare i hop. 

I Jeriko har me Lærdal Park midt i byen, og i Lærdal har de Jerikobui som viser noko av den 10 000 år gamle kulturhistoria vår. 

Me har gråte over vennene me har mista i Lærdal, Arne ordførar, Bente og Ove. Men eg gløymer dei aldri, og dei vil alltid vera blant oss. Eg tenkjer også på korleis den norske bunaden og palestina-sjala har noko til felles: Båe fortel om tilhøyrigheit og vennskap. 

No blør Palestina, men vi håpar frå hjarta på fred og rettferd for alle menneske på jorda. 

Sist, men ikkje minst, vil vi takka Jerikolaget og leiar Anna for alle telefonane ho ringjer til oss i Jeriko og spør korleis vi har det no når byen vår er beleira. Vi kjenner at vi har ekte venner i Lærdal, og at ho Anna er ei ekte Jeriko-kvinne. Eg vil også takka ordførar Audun Mo, Geir Solheim, Ingebjørg Voll, Torunn Liltved, Iren Lysne, Mari Skjerdal Lysne, Olaug Skjerdal, Lasse Sælthun, Monica Hille og heile folket i Lærdal. 

Eg håpar de vil tenna eit lys for oss denne jula. 

Beste helsing 

Marwan Samarat, Jeriko.