Søknad om utvida tid ved skriftleg eksamen

For å søke om utvida tid ved skriftleg eksamen må du senda inn søknadsskjema til Lærdal kommune.
Elevar som har behov for utvida tid ved eksamen har rett til tilrettelegging. Dette er eit enkeltvedtak med klagerett etter søknad frå dei føresette. Rektor fattar vedtak etter sakkunnig tilråding (PPT eller lege). Søknadsfristen er sett til 15. april i eksamensåret.

Informasjon og rettleiing - dokument:

Lenkjefelt:

  • Klage på standpunktkarakter:
    Oppdatert versjon av Rettleiingsskrivet for klager på standpunktkarakterar i fag, (eller som skulen fyller ut).
  • Slik klagar du på eksamenskarakteren din
    12.03.2022: Dersom du ynskjer å klage på den skriftlege eksamenskarakteren din, må du lese denne informasjonen og fylgje prosedyren som er beskriven her. Skulen vil hjelpe deg med å vurdere om du bør klage, difor er det viktig at du tek kontakt med kontaktlærar/faglærar straks du ynskjer å få ei slik vurdering.