Feieavgifta er avgift for feiing av skorstein og for tilsyn av fyringsanlegget. Feieavgifta vert innkrevd kvart år. Feieavgifta dekkjer feiing og tilsyn, feiing kvart 2. år og eit tilsyn kvart 4. år. For at feiinga skal bli utført pliktar huseigar å syta for at feiaren har tilstrekkeleg tilgang til skorsteinen. Stigar, taktrinn og plattform skal vere godkjent og rett montert.

Alle bustader som er registrert som heilårsbustad i kommunen, og som har tilkopla omn til skorsteinen, er pålagt feiing utført av kvalifisert personell.
For at feiing kan utførast må tilkomsten til og på taket vera i orden. Før feiing kan utførast, er det viktig at huseigar ser etter at alle opningar på eldstaden, samt sotluke er stengt.
 Dette for å hindre sotskade inne i huset.

Tilsyn

Tilsyn min. 4. kvart år omfattar:
 Kontroll av eldstad, skorstein og tilkopling
 Røykvarslarar, rømmingsvegar
 Informasjonsarbeid

Tiltaka er heimla i: 
 Forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn  § 2-6
 Forskrift om bruk av arbeidsutstyr-arbeidstilsynet
 Plan- og bygningslova med forskrifter

Om ikkje feiaren har tilfredstillande tilgang til skorsteinen, og ikkje får utføre lovpålagte oppgåver, kan det føra til fyringsforbod på anlegget.

Fritak for feieavgift:
 I nokre høve kan ein søka om fritak for feieavgift (feie- og tilsynsavgift). Ein av følgjande føresetnader må stettast for å få fritak for feieavgift:

1. Bustaden/leiligheitene har ikkje skorstein
 2. Det er ingen eldstader/peis kopla til skorsteinen
 3. Har gassfyrt eldstad, men ikkje skorstein (får fritak for feiing, ikkje tilsyn)
 4. Eigedomen er registrert som fritidsbustad (det er da ikkje krav til feiing og tilsyn)
 5. Eigedomen er ubebudd

Viser ellers til Forskrift om brannforebyging