Startskotet har nyss gått for byggjeprosjektet som skal omskapa Borgund skule til Borgund oppvekstsenter. Dermed blir også skuleområdet ein byggjeplass i anleggsperioden.

Gangvegen frå Hillestadstrondi til Borgund sentrum følgjer vanlegvis veggen på nedsida av skulebygget bort til gymsalen/symjebassenget, men no ligg deler av denne gangvegtraseen innanfor byggjeområdet. Difor svingar gangvegen seg eit stykke ut på jordet ved porten til skulegarden og så innatt mot skulebygget når ein nærmar seg gymsalen/symjebassenget. Det er kome opp byggjegjerde her, så ein følgjer ganske enkelt gjerdet.

Denne omlegginga vil vara så lenge byggjeprosjektet pågår, og det kan bli nye justeringar av gangvegen etter kvart som prosjektet går inn i nye fasar,