Kva kan heimetenesta bistå med
Heimehjelpstenesta (praktisk bistand) kan bistå med tilrettelegging og assistanse til praktiske gjeremål som husvask, vask av klede og hjelp til handling. Tenesta vert tildelt etter behov, og vert regelmessig vurdert dersom hjelpebehovet endrar seg. Målsetjinga er å leggje til rette slik at eldre og funksjonshemma skal kunne få bu heime så lenge som dei måtte ynskje det.

Du kan rekne med:
•å bli møtt på ein venleg og respektfull måte
•at saka di vert handsama etter gjeldande lover og forskrifter
•at vi overheld teieplikta
•at vi gjev infomasjon om tenestetilbodet og høve til å klage
•at vi kan yte hjelp til å utforme søknadar og klage
•at vi tek deg med på råd ved utforming av tenestetilbod og vurderer kva teneste som høver deg

Praktisk bistand som heimehjelp går inn under bistand til praktiske gjeremål i dagleglivet i heimen og i tilknytning til hushaldning og er lovpålagt teneste. Lovheimel er Helse- og omsorgstenestelova § 3-1, § 3-2 nr 6 bokstav b. Behovet for tenesta vert vurdert etter søknad. når det gjeld reinhald blir dette vurdert både individuelt og i høve til bustanden.

Reinhald vert utført etter vedtak berre i rom der tenestemottakar oppheld seg.
Reinhald av bustad:
•vask av golv
•støvsuging
•vask av bad og toalett
•tørke støv
•oppvask berre etter tenestemottakar
•sengetøyskift
•vask av vindauge (dette vil då gå på bekostning av andre gjeremål)
•vask av kjøleskåp (dette vil då gå på bekostning av andre gjeremål)

Andre tenester
•bestille matvarer frå butikk som fraktar varene heime til deg
•tilrettelegging av måltider/varme middagar i mikrobølgjeomn
•vask av klede og sengetøy (vaske klede i vaskemasking, henge opp/ta ned klede evt bruk av tørketrommel) Du kan og kjøpe teneste for vask av dine private klede i vaskeriet. NB! Kleda må vere namnemerka.

Generelt
Dersom staden ein skal yte bistand i er av slik art at det ikkje er gjort reint over lang tid, må ei hovudreingjering førast før heimehjelp vert sett inn. Tenestemottakar må sjølv betale hovudreingjeringa. Utfrå at heimehjelparen berre skal gjere det som tenestemottakar ikkje greier, må tenestemottakar som er i stand til det rydde før heimehjelparen kjem. Det vert ikkje føreteke vasking eller rydding i kjellar og/eller loftsrom.

Tenestemottakar skal ha tilgjengeleg langkost, vaskebøtte, klutar, toalettbørste, vaskemiddel og støvsugar.

Der det bur fleire vil det ikkje bli føreteke reinhald i rom dei disponerar. Eksempel på dette kan vere dei rom born, ektefelle/sambuar eller pårørande bur i eller disponerar.
•Golvvask - er vask av golv der det er muleg. Heimehjelparen flyttar lette møblar og rullar saman små matter og løparar. Det vert vaska under tyngre møblar som sofa, seng, skap og liknande. Heimehjelparen flyttar ikkje tyngre gjenstandar som komfyr, seksjon, kjøleskåp og liknande
•Støvturking - av møblar, fjernsyn, bileter, lamper og vindaugskarm. Heimehjelparen turkar støv i høgde med det han/ho rekk ved å stå på golvet. Det vil ikkje bli turka støv av små pyntegjenstandar
•Støvsuging - av golv, tepper, møblar. Heimehjelparen støvsyg under tyngre møblar som sofa, skåp og liknande. Tyngre møblar vert ikkje flytt på. Det vil ikkje bli føreteke rensing av tepper og møbler. For å kunne støvsuge bør det vere tilgjengeleg ergonomisk rett støvsugar med tilhøyrande utstyr
•Vindaugsvask - vert kun utført unntaksvis. Dette vil då gå på bekostning av andre innvilga gjeremål. Vindaugsvask vil sei å vaska vengbare vindauger på begge sider. Vindauger som ikkje er vendbare vert kun vaska på innsida. Tenestemottakar som er i stand til det, må rydde vindaugskarmen fri for lause gjenstandar. Heimehjelparen må stå på golvet eller eit stødig underlag
•Trappevask - vert ikkje utført på trapper utanfør bustaden. Heimehjelpa utfører ikkje tenestemottakar sin andel av fellesarbeid i burettslag og liknande
•Sengetøyskift - inneber skift av alt tøy på tenestemottakar si seng. Det vil sei at ein ikkje byter på sengetøy som vert brukt av pårørande eller andre. I tillegg må reint sengetøy vere tilgjengeleg. Skift av sengetøy vert utført hovudsakleg kvar 4. veke.
•Innkjøp av daglegvare -  inneber å hjelpe tenestemottakar å planlegge innkjøp. Bestilling av varer vert bringa vidare til Joker, som køyrer varene heim til deg (frakttillegg må påreknast)

Tenesta omfattar ikkje
•hovedreingjering
•stryke, eller rulle kle
•lage middag
•rensing, risting eller banking av tepper
•hushaldningsoppgåver i samband med gjester eller heimebuande vaksne born
•vask av fellesareal i burettslag og liknande
•hagearbeid eller snørydding
•vaktmeisterteneste
•oppvask eller rydding etter gjester
•pussing av sølv, kopar eller liknande
•polering av møblar
•utvendig vindaugspuss på ikkje-vendbare vindauger
•følge til lege/tannlege etc
•oppvarming av bustad, så som vedfyring eller påfylling av parafin eller pellets
•frisørtenester
•fotpleie

Føremål med praktisk bistad
•motivere til eigenomsorg
•tilrettelegge for at du skal kunne utføre dei oppgåvene du meistrar
•førebygge og veilede
•bistå deg som ikkje lenger meistrar alle dagleglivets gjeremål

Praktisk bistand - dagleg gjeremål og praktisk bistand - opplæring vert ofte kombinert.

Kriteriar/vilkår
1.Du må sjølv ha søkt på tenesta. Dersom du ikkje sjølv er i stand til å søkje kan næraste pårørande, verge eller fullmektig søkje for deg
2.Du som oppheld deg i Lærdal kommune, og som har behov for nødvendig helse- og omsorgstenester i høve til Pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 a.
3.Du må ha nødvendig utstyr og legge forholda til rette både inne og ute for den som skal gi deg hjelp, jmf Arbeidsmiljølova § 4-4. Krav til det fysiske arbeidsmiljøet. § 4-4 (2) Arbeidsplassen skal innreiast og utformast slik at arbeidstakar unngår uheldig fysisk belastning. Nødvendig hjelpemiddel skal stillast til arbeidstakers disposisjon. Når den tilsette er hjå ein brukar blir brukaren sin heim den tilsette sin arbeidsplass.
4.Tenesta vert kun utført når du er heime.

Pris for tenesta
Tenesta har betalingsordning/eigenandel, dels månadsabonnement og timepris avhengig av inntekt. Inntekt inntil 2G (folketrygda sitt grunnbeløp) vert betalt fast minstesats som månadspris, inntekter frå 2G og oppover betalar ein stigande timespris. pris på minstesats vert justert av Stortinget, medan timepris vert justert av kommunestyret. Fritak for betaling gjeld kun ved avbestilling av tenesta både frå tenestemottakar og kommunen.

Samarbeidet mellom kommunen som tensteytar og brukar som tenestemottakar
Kommunen som tenesteytar:

•tildeler tenesta i samråd med deg som brukar og eventuelt din næraste pårørande, verge eller fullmektig
•fattar vedtak på bakgrunn av helsefaglege vurderingar og yter tenesta slik det kjem fram av vedtaket
•endrar tenesta i samråd med deg, næraste pårørande, verge eller fullmektig
•informerar og veileder i høve andre typer tenester
•yter respekt for deg, din livssituasjon og din heim
•overheld teieplikt
•tek klagar på alvor og iverkset nødvendige tiltak
•tek kontakt med deg dersom vi av uforutsette grunnar ikkje kan yte hjelp til avtalt tid
•tenesteutøvar kan ikkje ta i mot pengebeløp eller gåver

Brukar som tenestemottakar:
•Deltek aktivt i planlegging og vurdering av tenesta
•ivaretek og utfører dei oppgåver som du meistrar frå eigne ressursar
•viser respekt for tenesteytar
•er inneforstått med at din heim og er tenesteutøvars arbeidsplass og det må tilretteleggast deretter
•syt for at tilstrekkeleg utelys og nødvendig snørydding og sandstrøing, samt namneskilt ved inngangspartiet
•gir mulegheit for handvask med utstyr som pumpesåpe og tørkerull
•er forberedt på å ta i mot og installere nødvendige hjelpemidlar
•er forberedt på at enkelte tilsette ikkje kan komme i kontakt med evt tobakksrøyk eller husdyr og tek førehandsreglar for dette
•er forberedt på at tilsette kan forlate bustaden din dersom dei vert utsett for truslar eller vald
•respekterer at tenesteytar ikkje kan ta i mot pengebeløp eller større gåver
•gir beskjed når du reiser vekk eller av anna årsak ikkje kan motta tenesta til avtalt tid
•er forberedt på at nøkkelboks må monterast dersom du ikkje kan låse opp sjølv
•at du informerer personalet som kven som er din næraste pårørande (jmf Pasientrettigheitslova). Du må avklare kor mykje og kva slagt informasjon du ynskjer at personalet formidlar til næraste pårørande. Du eller dine næraste pårørande/verge/fullmektig må sjølv ta ansvar for alle dine økonomiske forhold.

Næraste pårørande
Pasientrettighetslova § 1-3 b definerer næraste pårørande som den person pasientet definerer som næraste pårørande. Dersom pasienten ikkje er i stand til å oppgi dette, vert det teke utgangspunkt i ein etter lova si rekkefølgje. Pasientrettighetslova §3-3 seier at næraste pårørande skal ha rett til informasjon om pasienten sin helsetilstand dersom pasienten samtykker i det. Viss pasienten ikkje kan samtykke eller openbart ikkje kan ivareta sine interesser, er det næraste pårørande som har rett til informasjonen. Ved fleire pårørande vil helsetenesta alltid forhalde seg i størst muleg utstrekning til den person som er utpeika som næraste pårørande.

Lover og retningslinjer
•Helse- og omsorgstenestelova
•Pasient- og forbrukarrettighetslova
•Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta
•Forskrift om individuelle planar
•Yrkesetiske retningslinjer
•Forvaltningslova
•Arbeidsmiljøløva