Lærdal kommune har som kjent vedteke eigen kommunedelplan for trafikktryggingstiltak. I planen ligg blant anna inne oppgradering av fortau, fartsreduserande tiltak, gatelys og meir. 

Dei siste åra er det gjennomført fysiske tiltak langs Skulevegen - fram forbi barnehagen/ Lærdal stadion - og no skal Lærdal kommune gjera ferdig planen i dette område. Dette er tiltaka som skal gjerast:  

  • Opparbeiding av nytt fortau langs Skulevegen, frå Lærdal stadion og fram over vegkryss Skulevegen/ Hansegardsvegen.  
  • Etablera fartsreduserande tiltak ved heving av vegkryss Skulevegen/ Hansegardsvegen.  
  • Etablera nye fortau i Hansegardsvegen og Einemo.  
  • Utskifting og oppgradering av vass- og avløpsanlegg  ved Lærdal bu- og omsorgsheim og krysset Skulevegen/ Hansegardsvegen.  
  • Reasfaltering av deler av Skulevegen og uteområdet ved Lærdal sjukeheim.

Ved å klikka på denne lenkja kan du sjå kart som syner tiltaka på og inntil krysset mellom Hansegardsvegen og Skulevegen.

Desse bjørkene blir felt i nær framtid

Periodar med stengt veg

Arbeidet tek for alvor til i veke 27, frå 1. juli og skal etter planen ferdigstillast i midten av oktober. Medan arbeidet pågår vil det til tider vera redusert framkome og i periodar vil vegen vera heilt stengt - då vil det vera skilta omkøyring.

Diverre må bjørketre og noko busker langs Hansegardsvegen og mellom sjukeheimen og Skulevegen fellast for å gje plass til fortau og tilhøyrande. Dette er det første som blir gjort, etter planen allereie i veke 25 og veke 26.

Noko arbeid vil gå føre seg på natta og vatnet kan bli kopla frå i korte periodar, primært nattestid. Det har vore gjennomført møte og synfaring med naboar til området der arbeidet vil gå føre seg.

Viktige tiltak

Til trass for at arbeidet vil føra til redusert framkome og at ein altså må fella nokre flotte bjørketre er dette viktige tiltak for å betra trafikktryggleiken. 

Heving av krysset der Hansegardsvegen, Skulevegen og Hanseskogen møtest og etablering av fortau frå dette krysset og heile vegen til Lærdal stadion pluss fortau eit stykke vidare austover både på Skulevegen og Hansegardsvegen vil gjera ein stor skilnad.  

I tillegg blir det altså nytt fortau langs nesten heile Einemo - frå gangvegen inn i parken på Einemomarki til der Einemo møter Hansegardsvegen. 

Trafikktryggingstiltaka fører også til at det blir reasfaltert og ein nyttar høvet til å oppgradera vass- og avløpsanlegget ved Lærdal bu- og omsorgsheim.   

På denne sida av vegen som Stadheim står kjem det fortau så langt ein ser bakover i biletet