- Me har brukt eitt år på vurderingar kring kva type maskin me skulle gå for, fortel oppsynsmann Tor Magne Gjerde.

Fleirbruksmaskina er heilt avgjerande for først og fremst vegvedlikehaldet. Det er den teknisk eining brukar til brøyting, strøing og kantklypping. 

Difor er det viktig at maskina har dei funksjonane som trengst. Det har også vore viktig med eit system så ein får deler til maskina kjapt ved behov - det har teknisk eining no sikra. I tillegg er planen at ein av dei tilsette skal sertifiserast så ein kan ta dei lette sørvisane på maskina sjølv.

- Me landa på ei maskin som ikkje er ulik den me hadde frå før, men med fleire funksjonar og som elles passar svært godt til vårt behov. Mellom anna er det jo viktig at maskina er tilpassa utstyret me har, som til dømes kantklipparen vår, fortel Gjerde.

Den nye lassberaren med Løytnantsbryggja i bakgrunnen
Den nye fleirbruksmaskina med Løytnantsbryggja i bakgrunnen. Foto: Sigurd Stave maskin

- Veldig glade

I tillegg til vedlikehald av dei kommunale vegane tek også kommunen ein del vedlikehald av fylkeskommunale vegar.

- Her har me ein driftsavtale med fylket, og det gjer sitt til at denne maskina er såpass viktig. Krava til vedlikehaldet på vegar har dessutan vorte strengare.

Konkret er fleirbruksmaskina ein Wille 875, eit finsk maskineri, og den er levert av Sigurd Stave Maskin.

- Me er veldig glade for å ha fått denne nye maskina. Den er ein god og trygg arbeidsplass som gjev god HMS – det er sjølvsagt viktig, seier Gjerde.