- Samfunnet går mot ein eldreauke  - det blir langt fleire eldre og færre yrkesaktive. Dette er den store utfordringa i denne planen. Difor tek den føre seg korleis helsevesenet skal handtera det, altså tiltak i denne samanheng. Også omfanget innan psykisk helse er venta å auka, så det er eit anna viktig moment i planen, seier seniorrådgjevar helse og omsorg, Åge Bøyum.

Formannskapet vedtok i møte den 23. november 2023 å leggja ut framlegg til ny helse, omsorgs- og folkehelseplan 2024 - 2034 på offentleg høyring.

Formannskapet si handsaming av saka kan du lesa ved å klikka her.

Planen består av to deler - du kan lesa del 1 ved å klikka her og del 2 ved å klikka her.

Høyringsfrist er sett til 1. februar 2024. Høyringsuttale kan sendast til: post@laerdal.kommune.n

Kunne bu heime lengst mogleg 

Helse, omsorgs- og folkehelseplanen er ein overbyggjande plan samansett av fleire temaplanar og tiltaksplanar. Den er delt inn i to delar, der del 2 er ein handlingsplan. Planen skal planleggja for framtidige utfordringar og sikra at tenesteytinga er i tråd med myndigheitskrav.

- Tiltak i planen går mellom anna på å tilretteleggja for at fleire skal bu lengst mogleg heime, når dei vil det sjølve. Elles handlar det sjølvsagt mykje om å rigga pleie- og omsorgstenesta så godt let seg gjera for å møta auken av eldre, forklarar Bøyum, som har utarbeidd planen.

I høyringsperioden vil det bli lagt til rette for eit folkemøte. Tidspunkt og stad vil bli annonsert i god tid.

Planen skal gjelda frå 2024 og fram til 2034. Den skal reviderast og rullerast årleg.