- Dette er ein del av høyringsprosessen for kommunedelplan for helse, folkehelse og omsorg, seier seniorrådgjevar Åge Bøyum.

9. januar klokka 18 til ca. kl. 20 blir det folkemøte om denne planen i kultursalen. Programmet blir som følgjer:

  • Opning ved ordførar Audun Mo
  • Kommunedirektør Gunn Lerøy informerer om prosessen
  • Presentasjon av planen med hovudfunn, ved seniorrådgjevar Åge Bøyum
  • Musikkinnslag
  • Kaffe og te
  • Spørsmål frå publikum

Samfunnet går mot ein eldreauke  - det blir langt fleire eldre og færre yrkesaktive. Dette er den store utfordringa i denne planen. Difor tek den føre seg korleis helsevesenet skal handtera det, altså tiltak i denne samanheng. Også omfanget innan psykisk helse er venta å auka, så det er eit anna viktig moment.

Under folkemøtet 9.januar får den som kjem altså meir innsikt i planen.

- Det er viktig at folk får stilla spørsmål om planen. Dei kan også koma med innspel i møtet, seier Bøyum.